Gå til innhold

Ubuntu har store problemer på min datamaskin...


Anbefalte innlegg

Eg vil teste ut Ubuntulinux for å sjå korleis det er, og om det er eit bra alternativ til Windows. Eg har nettopp gått gjennom installasjonen som ikkje gjekk så heilt smertefritt. Nedanfor er "ein stil" om korleis det gjekk.

 

 

 

 

Når installasjonen kom til "Scanning disks" rett før partisjoneringsverktyet, stoppa det opp i om lag 20 minutt på 41%. Ettersom eg gjorde litt tabber når eg partisjonerte måtte eg gjere dette tre gongar, og alle tre gongane stoppa det på presis 41%.

 

Vidare etter partisjoneringa var det òg nokre punkter her og der han stod lenge på, men han kom seg no i alle fall forbi alt.

 

Heilt på slutten av installasjonen var det ikkje grafisk, men "DOS-design", og eg kunne følge med på kvar ein ting som skjedde. På slutten stod det at det mangla ei fil (eg var dum nok til ikkje å skrive opp namnet). Rett etter det kom det drøssevis av XML-parsefeil.

 

Installasjonsprogrammet gjek allikevel vidare, og eg fekk beskjed om å ta ut CD-en, og datamaskinen restarta.

 

I oppstarten kunne eg i alle fall leggje merke til at noko var gale. For det første stoppa han i om lag 5 minutt på punktet "Starting Enterprise Volume Magnement System". Han gjekk som vanleg vidare, men det tok jo ei utollerant tid. Etter det tok det ikkje lang tid før det kom fram til inloggingsmenyen. Eg logga meg inn, men Ubuntu skulle nok ein gong få problem.

 

Skjermen vart brun, og det var to kvite striper oppe og nede på skjermen. Det var tydeleg at det skulle være oppgavelinjene. Slik stod det stille i om lag 30 sekund før feilmeldingen "Error! Failed to initialize HAL!" kom. Eg trykka OK, som var mitt einaste valg. Etter det stod skjermen i om lag 5 nye minutt med brun skjerm og kvite striper oppe og nede.

 

Denne oppstarten skjedde til no heilt likt kvar gong. Men vidare er det litt forskjellig. Flrste gongen gjekk det heilt fint og oppgåvelinjene pluss skrivebordet kom til syne. Eg kunne bruke Ubuntu heilt fint, og prøvde å installere alle oppdateringane i håp om at ting skulle begynne å fungere.

 

Vidare har eg testa Ubuntu litt, og når eg startar det tek det alltid om lag 15 minutt, men nokon gongar startar det med _berre_ skrivebordet, utan oppgåvelinjene. Det er ikkje stort anna eg kan gjere med det enn å restarte maskinen og håpe det går bra neste gong.

 

 

 

 

Slik var det altså. No har eg satt i gang ein ny installasjon, men det ser ut til å hå heilt likt. I skrivande stund står han stille på "Installing GRUB boot loader" 50% "Running 'grub-install (hd0)'...". Dersom eg nokon gong får Ubuntu til å fungere, trur eg gjerne eg kunne tent meg å bruke det. Dersom det er hjelp i, kan eg imidlertid seie at eg har ein Intel Celeron-prosessor på ca. 663MHz.

 

Eg har tidlegare prøvd Ubuntu Live som gjekk omtrent heilt likt. Han stoppa på diverse steg i lange tider, men derimot blei det aldri ferdig, så med andre ord fungerte det ikkje.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hmm. Laster ned og prøvar ein gong til. Dessutan las eg dette på ubuntu.no. Kanskje forsøket verd:

Ved låsing og ustabilitet er de mest kjente fiksene boot parameterene "noapic nolapic". Du kan starte installasjonen ved å skrive inn "linux noapic nolapic"
Lenke til kommentar

For å gi ein statusrapport: Eg har installert KDE til Ubuntu, så med andre ord er det no Kubuntu eg strevar med. Problemet etter inlogginga har forsvunne, men dataen henger seg endå i om lag 7 minutt på punktet "Starting Enterprise Volume Magnement System".

 

Dersom nokon har vore borti dette er eg ekstremt glad for å høyre korleis det vart løyst, eller om det vart løyst!

Lenke til kommentar
Deaktiver LVM og EVMS. Såvidt jeg vet er ikke det i bruk som standard.

Tusen takk! Det fungerte! Endeleg! Herleg!

 

Dabear: Sjekk Boot-Up Manangaren ein gong til. Eg kunne i alle fall deaktivere det derifrå.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...