Gå til innhold
Trenger du hjelp med internett og nettverk? Still spørsmål her ×

Kva erstatning kan eg forlange av Telenor?


Anbefalte innlegg

Litt bakgrunnssoff:

Eg har nyleg flytta inn i ein heilt ny leilighet i eit heilt nytt hus. Sidan alt er nytt måtte eg ha ein montør til å montere det første punktet for telefonlinja i huset.

Eg har både telefon og ADSL frå Telenor og kjem nok til å fortsette med dette.

 

Så til saka:

Eg fekk bekrefting pr. brev, telefon og SMS på at eg skulle få montert og aktivert linje og ADSL innan 0800 og 1200, mandag 20. juni.

Mandag 2.06

Denne dagen kom det ingen montør, utan at eg fekk nokon beskjed. Eg var heime frå jobb denne dagen for å sleppe montøren inn i huset slik at han kunne montere det første punktet. Når eg då litt utpå dagen ringte fordi eg forsto at det ikkje kom nokon montør (ca 1400 - 1500) fekk eg til svar at "montøren har støtt på eit problem ein annan stad og kan ikkje komme idag, men skal være der på formiddagen i morgen". Eg kunne ikkje bli heime fleire dagar og måtte avtale ein gøymestad for nøklar slik at han kunne låse seg inn på eigahand, noko som ikkje er heilt ideelt.

 

Tirsdag 21.06

Tirsdagen kom, men framleis ingen montør. Eg ringde Telenor kundeservice (05000) og dei purra på montøren. Montøren tok kontakt og måtte berre beklage og skulle komme neste dag (onsdag 22.06).

 

Onsdag 22.06

Eg kom heim frå jobb onsdagen og såg til min store glede at det første punktet var montert på veggen. Eg plugga sjølvsagt i splitter med modem og telefon. Ingen summetone... Ny telefon til kundeservice og registrering av feilmelding. Det skulle ordnast i løpet av torsdagen.

 

Torsdag 23.06:

Eg kom heim frå jobb utan altfor store forventningar, løfta av røret og, wohooooo!! Summetone!! Eg slo då på ADSL-modemet og såg til min store glede at alle lys var grøne. Skuffelsen var stor når eg alikevel ikkje kom på nett. Ny telefon til 05000. Eg fekk prate med ein del kjekke folk hjå kundeservice og melde feil på ny. Telenor fekk ikkje kontakt med modemet mitt når dei "testa linja" så dei måtte nok sende ein ny montør neste dag (idag fredag)... Skuffa la eg på røret og tenkte med gru på at dette kom til tå fortsette i evighet.

Etter ein liten time ringte det i telefonen. Det var ein kar frå telenor kundeservice som kunne fortelje at han hadde "kikka litt på saka". Han spurde meg kva modem eg hadde, og eg fortalde som sant var at eg har ein Nokia-modem.

"Aha", sa fyren, "der har me feilen". Desse modema er så gamle at dei ikkje lenger er støtta i alle sentralar. Eg fekk beskjed på at eg måtte ha eit nytt eit. "Ok", tenkte eg," då får eg eit nytt frå Telenor då", men nei. Iflg. han karen måtte eg betale for dette sjølv då det er min eigedom (eller var det Telenor sin)...

Mannen på kundeservice sende meg ein SMS med ei epostadresse eg kunne sende ei klage til Telenor.

Eg kjøpte meg eit Jensen-modem til 599,- på Expert/Bonus og alt fungerar no prikkfritt.

 

 

Spørsmålet mitt:

Kva kan eg her forlange som kompensasjon frå Telenor?

Eg er ikkje så sugen på å betale dei ca. 900 kronene Telenor skal ha for flyttinga av abonnement, ei heller betale for ADSL-modemet i og med at Telenor ikkje burde "bygge ut kundar" av nettet sitt. Ein arbeidsdag tilsvarar ca. 1000 kroner, og i tillegg meinar eg at eg bør få kompensasjon fordi det heile tok så lang tid. Eg måtte og ringe 05000 frå min mobiltelefon med Djuice-kontantkort...

 

Beklagar om eg har posta i feil forum, men dette var det beste alternativet følte eg.

Vonar nokon tar seg tid til å lese alt.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Finn navnet en sjef for kundebehandling og send en saklig mail til ham/ henne der du forklarer saken omtrent slik du har gjort det her (bare skriv det mer formelt).

 

Jeg hadde tidligere en liknende sak i forbindelse med mobil. Sendte riktignok ikke til en sjef (men for deg stopper det tydeligvis hos kundebehandlerne), men til de "vanlige" kanalene. Fikk en bra beklagelse og noe reduksjon på regning som følge av klagen.

 

Hint om at du bytter leverandør av telefon og ADSL om de ikke skjerper seg.

 

Er modemet noe du har fått via Telenor forresten? I såfall er det ikke riktig at du skal betale for nytt...

 

EDIT: Så nå at denne bør forresten ligge i "butikk- og webshopdiskusjoner"

Endret av Mad Wolf Magnux
Lenke til kommentar

hørtes litt rart ut at du må betale for et modem som i utgangspunktet ble levert av telenor? Gratis flytting og at telenor dekker prisen for modemet du måtte kjøpe høres rimelig ut synes jeg.

 

Husk å vær sakelig når du klager, skriver du "Jeg er jævlig sinna", bruker masser av utropstegn og bruk av caps lock så hjelper nok ikke det deg noen vei.

Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Eg sende ein epost til "klageavdelinga" til Telenor og vart oppringt etter eit par timar.

Dei beklaga sterkt det som hadde hendt og dekka sjølvsagt alle mine kostnader (modem, flytting m.m.) + at eg får ein månad der eg ikkje betalar abonnement.

Strålande Telenor!

Lenke til kommentar
Eg sende ein epost til "klageavdelinga" til Telenor og vart oppringt etter eit par timar.

Dei beklaga sterkt det som hadde hendt og dekka sjølvsagt alle mine kostnader (modem, flytting m.m.) + at eg får ein månad der eg ikkje betalar abonnement.

Strålande Telenor!

kjempe greier at di kan inrømme feil og faktisk kompenser for det og , stå på telenor ( ikke det at eg er kunde da :p )

Lenke til kommentar

Bare å sende klage til Skien så ordner de det nok ja (regner med at det var dit du ble henvist?)

 

Alle klager skal gå skriftlig til Skien, så det hjelper ikke å sende klage til Kundeservice, Mad Wolf Magnux. Det hjalp i gamle dager da :D Men så ble det vel litt dyrt, at kundebehandlerne kompenserte i hytt og gevær ;)

 

Uansett, kjipt med sånne ting... skal bestille adsl når jeg flytter 1. august og håper jeg slipper mer tull. 1. gangs oppkobling er alltid vanskelig, enten det er NGT eller Telenor eller Tele2 eller Tiscali... (bare mine erfaringer da :p )

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...