Wice Skrevet 7. juni 2005 Del Skrevet 7. juni 2005 hei, er det noen her som kan lage en kjapp guide om hvordan man redigerer en film? med noen anbefalte programmer osv? Lenke til kommentar
Kenneth Dammyr Skrevet 10. juni 2005 Del Skrevet 10. juni 2005 Filmredigering er ganske smak og behag, hvordan man velger å løse det. Så det finnes mange metoder for å gjøre det. Men hele essensen i redigering er jo å dra ut det viktigste fra opptakene å sette det i riktig rekkefølge, så det er ikke så vanskelig det da Lenke til kommentar
Torbjørn T. Skrevet 10. juni 2005 Del Skrevet 10. juni 2005 For anbefalte program, sjå denne tråden. Felles for "alle" redigeringsprogram er at dei har eit mappevindauge, der alle filer du skal bruke i filmen ligger (klipp, bilete, musikk, osb.), ei tidslinje der du legg klippa du skal ha med i filmen i den rekkjefølgja du vil ha dei, og eit monitorvindauge, der du kan sjå enkeltklipp/det som er på tidslinja. Det er tre "hovudtrinn" i ein redigeringsprosess: 1. Capture. Dette er å overføre film frå kamera til PC/Mac via firewire/IEEE1394/i-Link (same ting, men ulike namn). Vil tru dei fleste nyare redigeringsprogram har sokalla "scene detection", som gjer at ein i staden for å få ei stor fil av heile tapen (eventuelt dei delene du har valt å ta med), so vil programmet byrje på eit nytt klipp kvar gong det finner eit brudd i datokoden på tapen (kameraet tek opp dato og klokkeslett). Når du er ferdig å leggje inn opptak, vil dei ulike klippa kome fram i mappe-vindauget, og du kan sjå på klippa i monitoren, og gje dei nye namn. 2. Sjølve redigeringa. Dette er å velge ut dei klippa du vil nytte, klippe bort det du ikkje vil ha med (kan truleg gjerast både i monitoren og på tidslinja), plassere dei i den rekkjefølgja du vil ha, og leggje til effektar, overganger mellom klipp, tekst osb. Eit godt tips her er å ikkje overdrive. Sjølv om det kan vere morosamt å leggje på alt ein kan finne av effektar og overganger, so vil det verte for mykje av det gode. 3. Eksportering. Når all redigering er ferdig, må ein jo vise fram produktet. Det kan i alle tilfelle vere lurt å spele den inn på ein DV-kassett, slik at ein har ein ukomorimert sikkerheitskopi. Dette er heller ikkje dumt om den skal den visast på TV. Ein kan og, om ein har DVD-brennar og MPEG-2-komprimering med i programmet, eventuelt eit anna program (t.d. Nero) brenne den til ein DVD, som er meir praktisk om den skal visast andre stader enn i heimen (ein slepp å ta med seg kamera for å vise). Skal filmen leggast ut på internett, må den komprimerast. Då må du ha ein codec som t.d. DivX eller XviD. Men som kennethdamyr sa, essensen er å velgje ut det beste ein har, og setje det i i den rekkjefølgja ein ynskjer å ha det. Ein kan sjølvsagt seie mykje meir om kvart enkelt punkt, men det er grenser for kor mykje ein kan ta med i ein kort guide. Det beste er å, etter at ein valt seg program, setje seg ned å prøve eg fram. Til meir tid ein bruker med programmet, til meir komfortabel vil ein verte med det, og ein vil få meir oversikt over kva ein kan gjere med det. Det er sjølvsagt vanskeleg å lære seg alt ved prøving og feiling, so difor vil det vere lurt å t.d. lese instruksjonsboka (viss du har ei) eller hjelp-fila, og søke etter guider/tutorials på internett. Berre ved å søke her i forumet vil du antageleg finne svar på mange spørsmål ved å søke i tidlegare tråder (søk før du spør). Det er og eit godt tips å sjå på heimesida til produsenten, då dei ofte har nokon tutorials liggjande. Lenke til kommentar
Bulle Skrevet 14. juni 2005 Del Skrevet 14. juni 2005 Eller så kan du ta en titt her : http://www.pcworld.no/index.cfm?fuseaction...CAB9BB2D8C043AC Lenke til kommentar
Wice Skrevet 16. juni 2005 Forfatter Del Skrevet 16. juni 2005 takker,skal nå forsøke og lage min første film Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå