Gå til innhold

Fra premiere prosjekt til DVD


Anbefalte innlegg

Har nå et ferdig redigert prosjekt i Adobe Premiere, og sitter med følgende spørsmål:

 

Hva gjør jeg egentlig nå? Ser at det er mangen ulike valg i forbindelse med komprimering og VBR og CBR. HVa er alt dette?

 

Lurer også på hvilket program som er greiest å bruke til å få den ferdige filmen brent ut på DVD (et program hvor man kan lage menyer etc)

 

Er det er spesielt format man bør "eksportere" den ferdige filen ?

 

Er ganske blank på det området her, så jeg håper spørsmålene er noelunde klart formulert... :-)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Om du ikkje skulle ha hatt menyer, ville det enklaste vore å bruke "Export To DVD"-funksjonen i Premiere. Eg veit ikkje so veldig mykje om dei ulike vala ein har der, men ein må berre passe på å nytte eit preset som stemmer med den typen film ein har (dei fleste vil nok ha PAL 4:3). Når det gjeld VBR (=Variable Bit Rate) og CBR (=Constant Bit Rate), so kan ikkje eg seie kva som er best i kva tilfelle, og likeeins om 1-pass/2-pass encoding. Men eg reknar med det er andre på forumet her som sit inne med kunnskapar om dette.

 

 

Skal ein ha menyar og må ein ha eit DVD-authoring program, som t.d. Adobe sitt eige Encore (siste versjon er 1.5).

Det ein då må gjere er å eksportere den ferdige filmen som .avi (med DV-codec), og importere fila inn i Encore. Eg reknar med ein kan eksportere frå Premiere som DVD-kompatibel MPEG-2, og importere den fila inn i Encore, men eg vil tru det er like greitt å nytte .avi, ettersom ein då vert sikra at heile DVDen er komprimert på same måte. (Veit ikkje om det er so farleg, men det skader iallefall ikkje).

Ettersom det vil vere litt komplisert å forklare heile prosessen i Encore her, henviser eg berre til Curt Wrigley sin tutorial på emnet: http://www.wrigleyvideo.com/videotutorial/tut_encore.htm Det er ein veldig grei tutorial som forklarer alt ein treng vite for å lage ein ferdig DVD frå Encore.

 

Men det finst sjølvsagt mange ulike alternativ, og det kan godt vere at fleire av desse er både enklare og billegare enn Encore (som koster 3700kr på www.adobe.no), men det er berre dette eg kjenner til. Berre hugs at MPEG-2 encoding er ein standard som ikkje er gratis (som t.d. DivX/XVid er), og at sjølv om ein kan finne gratis DVD-authoring program, so vil desse truleg ikkje kunne kode om til DVD-kompatibel MPEG.

Eg trur Ahead har eit enkelt slikt program med i Nero-pakka, men eg hugser ikkje kva det heiter. Har du Nero frå før, kan det vere du ikkje treng kjøpe eit nytt program.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...