Gå til innhold

Installasjonskluss


Anbefalte innlegg

Hei

 

I dag var den store dagen då mitt nye Gainward GF 4 TI4200 128 mb skjermkort kom i hus. Desverre varte ikkje gleda lenge....:sad: Skrudde kortet i og starta opp i Win ME. Joda kortet blei funne, og etter litt var det klart for omstart. Etter det har eg ikkje komt inn i Win ME meir.

 

Sidan eg har to os på maskina, tenkte eg at eg fekk prøve å sjå korleis det gjekk med Windows 2000. Og der gjekk det smertefritt! Så no er eg ein smule forundra. Har prøvd å komme meg inn i ME i sikkermodus både ved hjelp av F8 når oppstartsmenyen kjem fram, og ved hjelp av oppstartsdiskett. Begge deler til inga nytte.

 

For å vere detaljert så kan eg seie at det heile stoppar rett etter at Win ME logoen blir vist (då den svarte blinkande streken er framme).

 

Er det berre å sette i gang med backup og formattere (kjem nemlig inn i ME utan problem med det gamle skjermkortet)??

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Sjekk innstillingene på AGP porten din i BIOS først. Prøv 2x om den står til 4x osv. Høres ut som om du har den "infinty loop" greia. Hadde samme problemet selv. PC komseg opp og gikk i XP men ikke i 98/Millenium.

Lenke til kommentar

Quote:


Den 2002-07-08 21:33, Wotan skrev:

Sjekk innstillingene på AGP porten din i BIOS først. Prøv 2x om den står til 4x osv. Høres ut som om du har den "infinty loop" greia. Hadde samme problemet selv. PC komseg opp og gikk i XP men ikke i 98/Millenium.


 

Har nok prøvd å justere på agp porten i bios uten at det hjalp. Det kan virke som at det kan vere driverane til Win 98/me som har kludra det til. Eg fekk valget i stad om å starte i sikkermodus sidan maskina ikkje lasta inn operativsystemet og då fekk eg gjort om på driverane sånn at kortet blei oppfatta som eit standard vga kort. Då kom eg heilt fint inn, men etter å ha forsøkt å legge inn dei nyaste driverane frå gainward er eg no i samme problem. Og får ikkje lenger valget om å starte i sikkermodus bortsett frå F8 ved oppstartsmenyen, og då startar maskina på vanleg vis noko som endar i fullt krasj før eg kjem inn i Windows.

Lenke til kommentar

Quote:


Den 2002-07-09 00:51, antiloop skrev:

Så du skrev at du brukte Gainward sine drivere!

Prøv med Nvidia sine om du ikke har gjort det!


 

Litt vanskelig å få det til når eg pokker ikkje kjem inn att i Windows. Er det ikkje noke smart triks for å få komt seg inn i sikkermodus?

Lenke til kommentar

Som Morpheus^ korrekt sa så er det i grunn kun p.g.a nokre eldre spel at eg vil ha Win ME.

 

Fekk til slutt komt meg inn i ME i sikkermodus og dermed fekk eg gjort om kortet til eit standard vga - kort. Då gjekk oppstarten fint, så eg lasta ned dei nyaste drivarane frå nvidia på http://www.guru3d.com. Dette gjekk litt bedre, om det går an å bruke sånne ord. Maskina kom så langt at bakgrunnsfargen var komt fram, men så reagerte skjermen som om maskina vart skrudd av! Den gjekk inn i kvilemodus, og restart vart einaste utveg. Dette har skjedd gong på gong...:sad:

 

Edit:Kom på den ideen at eg kanskje skulle ta og installere win98 på en rein harddisk (sidan eg har ein liggande) for å sjå om det gjekk noke betre. Og det gjorde det. Her funkar alt som det skal! Så då blir det til å ta backup av alt viktig på c: for deretter å formattere....

 

Uansett: Takk til alle som har tatt seg bryet med å svare! Eg føler eg har skrive meir innpå her i behov for hjelp enn for å hjelpe...:smile:

 

[ Denne Melding var redigert av: oleredv på 2002-07-10 00:08 ]

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...