Gå til innhold

Støvfjerning på D2000 utan strømforsyning?


Anbefalte innlegg

Eg har kjøpt eit gamalt Canon D2000 (tilsvarar Kodak DCS 520). Det er støv på biletbrikka (trass i at seljaren forsikra om at det ikkje var noko problem), og eg må reinse ho. Har ein Giotto blåsebelg, og hadde tenkt å prøve med den før eg evt. kjøper noka dyr reinsevæske.

 

Men i bruksanvisninga står det at eg må både ha strømforsyninga tilkopla og eit batteri innsett for å opne lukkaren og få tilgang til biletbrikka. Eg prøvde med berre batteri, men kamera vil ikkje opne då. Strømforsyning har eg ikkje (dum som eg var, tenkte eg ikkje på det før eg kjøpte kameraet).

 

Er det likevel mogleg å få reinsa biletbrikka utan strømforsyning? Eller er det mogleg å få ei uoriginal strømforsyning til å fungere? Nokon som veit?

 

Går ikkje det, er kjøpet pengar rett ut av vindauget, og då hjelper det ikkje at eg har fått eit kamera med mange bra sider til ein rimeleg penge.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...