Gå til innhold

Videoeffekter i Adobe Premiere?

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

For å legge ein effekt til eit klipp, klikk-og-dra effekten frå effekt-vindauget til klippet på tidslinja. Når du har drege effekten til klippet, opnar du "Effect Controls"-vindauget. Her finn du effekten, og ei minitidslinje, som viser klippet.

Når du trykker på pila ved namnet til effekten, ruller du ned ein meny som viser kva ulike val ein har ved den effekten.

Om dette er crop-filteret, vil du ha fire ulike verdiar du kan endre på: crop frå venstre, høgre, oppe og nede. Om du skriv inn ein ny verdi, vil Premiere klippa av litt av klippet høgre/venstre/oppe/nede.

Du vil og sjå ei lite kvit stoppeklokke ved sida av kvar verdi. Denne aktiverer keyframes. Om du legg til ei keyframe ved byrjinga av klippet (ei vert lagt til automatisk der du har tidsmarkøren, når du trykker på stoppeklokka), og ei litt lengre ut i klippet (ved å trykke på ein knapp litt lengre til høgre i effektkontroll vindauget, som er mellom to små piler), kan du setje til dømes at ved den fyrste keyframen skal mengda cropping på venstre sida vere lik 0, medan ved den neste skal den vere 50. Då vil Premiere automatisk "rekne ut" korleis det vil vere mellom dei to keyframesene, og du vil få ein gradvis overgang frå at heile klippet visest, til at berre halve visest.

Om du vil fade klipp inn/ut kan det gjerast på iallfall to måter:

Den lettaste er å leggje til ein Cross Dissolve-overgang på slutten/byrijinga av klippet, men ein kan og gå inn i Effect Controls, og keyframe Opacity (ugjennomsiktigheit). Legg til ei keyframe litt før slutten av klippet, med verdi 100, og ei heilt på slutten med verdi 0. Då vil klippet gå gradvis frå å vere 100% ugjennomsiktig (heilt synleg), til å vere 0% ugjennomsiktig (usynleg).

Dette var kanskje litt uforståeleg/usamanhengande, men eg håper det hjalp.

Ein annan måte å lære Premiere på er å sjå på videotutorialane til Curt Wrigley, dei er særs bra:

http://www.wrigleyvideo.com/videotutorial/

Lukke til!

Lenke til kommentar

Tusen takk for hjelpen! :D

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...