Gå til innhold

Overklokking av 2400+ på gammelt HK


Anbefalte innlegg

Altså, eg kjøpte maskina mi i begynnelsen av 2002 (Nokon av delene er enda eldre) og det seier seg sjølv at den begynner å dra på åra. For eit par dagar sidan fekk eg ein AMD xp 2400+, og det var då eg bestemte meg for å overklokka. Eg har eit gammalt ABIT hovudkort som ikkje kan låse AGP/PCI bussen, men kan forandre FSB:AGP:PCI ratioen. På standard instillingar køyrer maskina med FSB=133 og FSB:AGP:PCI=4:2:1. Multiplieren er >=13, som blir 15x, vcore=1.65. Eg har klokka den til FSB=151 og skrudd FSB:AGP:PCI = 5:2:1 med ein vcore på 1.725.

 

Det eg lurer på er om FSB:AGP:PCI ratioen bør stå på 4:2:1 eller 5:2:1. Har òg PC2100(133) 512mb DDR-RAM. Er dette ein begrensende faktor, eller er det noko anna som begrensar no?

 

På førehand, takk.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Eg bur åleine over garasjen med datamaskina som einaste oppvarmingskjelde sidan eg fekk breiband i desember. CPU temp er på 46c no, med åpe vindauge og uten kabinett. Eg prøvde akkurat å sette FSB:AGP:PCI ratioen ned til 4:2:1, noko som førte til nok ein reset av BIOS (som er grunnen til at kabinettet er av no). Ny prosessor går dessverre ikkje an. Eg får berre klokka denne so langt den går. Det eg kanskje kan få tak i er ny ram (PC2700) som tåler høgare FSB frekvens.

 

Eg lurer òg på ka som er eit trygt vcore nivå. Prosessoren har som sagt 1.65 som default. Eg har no skrudd den opp på 1.75 i BIOS, men cpu-z og programmet som kom med HKet seier at spenninga ligg på ca 1.73. Eg antar dette skuldast ei gammal straumforsyning? Uansett, er det vcore nivået eg set i BIOS, eller nivået cpu-z fortel meg eg har eg bør stola mest på?

Endret av Berengal
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...