Gå til innhold

Oppgradering av bærbar


aaad

Anbefalte innlegg

Kvifor kjøpe nytt, når ein kan vere lukkeleg med gammalt? Eg har gjeve nytt liv til min Acer TM 529TX!

Eg hadde ein førespurnad her inne for ei tid sidan, om det gjekk an å oppgradere gammal bærbar med ny dvd-spelar, utan å måtte tøme lommeboka ved å kjøpe spelar skreddarsydd for den spesifike modellen. Fekk negativt svar, og det same har eg fått når eg har kontakta eit par web-shopper, produsenten, m.m. ( [url="http://forum.hardware.no/index.php?showtopic=286655&hl="]http://forum.hardware.no/index.php?showtopic=286655&hl=[/url] )

Elles er det dårleg utval av slik vare, men her ein dag fann eg ein lovande kombospelar hjå psdata, ein Toshiba combo slim-line 40x40x40x8, og bestilte denne. Eg bestilte samstundes ny 80G HD.

For å montere spelaren, var det ikkje meir som skulle til enn å skru ut fire skruer i docking-kabinettet på den originale spelaren, skifte dette over til den nye, samt bruke kortet med kontakt-adaptor og overføringa til standard 50-pin kontaktsom stod bak på den gamle. Sjølve chassiset på den nye spelaren var nøyaktig lik den gamle, ned til minste skruehol. Spelaren var på plass på 5 minutt, og verkar heilt fint, og det til fjerdeparten av kva det hadde kosta å kjøpe tilsvarande spelar med dårlegare spesifikasjonar hjå Acer.

2,5" HD'ar byrjar og å kome godt ned i pris. Denne verka og utmerka, og hadde ein fin bi-effekt - maskina blei mykje roligare.

Tidlegare har eg handla litt ram, fann nokre greie MicroMemory SO-dimm SDRAM hjå Vaagen Consulting, til tredjeparten av prisen som Acer skulle ha. No køyrer eg max 2 x 256MB. Å doble RAM'en gav meg praktisk tala ny maskin. Eg har og investert i ekstern firewire og trådlaus LAN med PC-kort, samt ein usb bluetoothadaptor.

Acer'en min var vel ein maskin i øvre mellomskikt då eg kjøpte han våren 2001, relativt kraftig med ein P3 850MHz prosessor, og ganske godt rigga for si tid, med LAN, modem, IrDA. Med erkjenninga av at eg neppe nokon gong kjem til å bruke maskina mi til tunge 3D-spel, har eg kome til at investeringar på ca 3500 kr, har gjeve meg en maskin som mest kan seiast vere "top of the line".

Altså, vel verdt å tenkje på iallfall, viss du grublar på å kjøpe nytt: Kan eg gjere noko med den gamle?

Elles synst eg godt desse faktorane kunne vorte tekne inn i testar av bærbare: Går det an å skifte ut CD/DVD-spelar med ny standard-spelar. Blir maskina levert med to små, eller ei stor minnebrikke?

Er det nokon andre som har vellukka oppgraderingseventyr med bærbare? Endret av aaad
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...