slettet Skrevet 17. oktober 2004 Del Skrevet 17. oktober 2004 Eg vurderer å bygge med ein HTPC, men har merka meg det at eg tydlegvis ikkje har peiling på kva som rører seg på hardware-fronten for tida. Eg aner ikkje kva dei forskjellige (kryptisk) skjermkortnamna betyr, eg har fallt heilt av lasset når det gjeldt chipset, minne og forskjellige CPU-socket'er... Derfor: Eg treng hjelp. Eg har oppretta ei handelvogn, https://prisguiden.no/vis_handlevog...?waggon_id=9003, der eg legg til komponenter etter kvart som de, forum-guder, foreslår saker og ting (og eg er einig). Pris: Ikkje det viktigste. Komponentene blir nok kjøpt litt etter litt, etter kvart som eg får penger. Ting koster. Bruksområde: Den kjem til å bli brukt til filmvising (DVD og DivX/XviD, samt frå parabol), mykje musikk (eg har kopiert alle CD'ene mine over på maskina), samt mykje surfing på nettet. Opptak frå TV (parabol) er eit must. De hadde vært kjekt å kunne pause TV-sending, og sett videre etter nokre minutter uten å gå glipp av noko. Tilkopling: * I fyrste omgang blir den nok kopla opp til ein gammel 21" TV, men satser på å kjøpe prosjektor med DVI-tilkopling seinere. * Den kjem også til å kopla til ein 5.1-forsterket, men kjem nok til å bruke 2.1 i fyrste omgang. * Tilkobling til nettverk. Eg har både ledige kabelrøyr i veggene, og trådlaus nettverk, så begge deler er ønskeleg, og då helst helst innebygd i maskina (jo mindre ting tilkopla, jo betre). Blåtann skader heller ikkje. Eg aner ikkje kva nettverkshastigheit ein må ha for å streame film (gjerne i DVD-kvalitet), men det må gå. Mesteparten av filmene og musikken kjem til å ligge på dedikert server. Mine tanker, ideer og krav: * Kabinett: Eg las testen av Kanam sitt HT-400 kabinett, og merka meg at tester var misfornøygd med plassen i det. Javel. Kvifor då ikkje bruke eit lite hovudkort? Fungerer det for eksempel med eit microATX? * CPU: Eg har alltid vært Intel-fanboy, men kvifor ikkje prøve noko nytt? Det kunne vært gøy å prøve AMD, men det er absolutt ikkje noko krav. (Har ikkje AMD ein fin CPU som utvikler omlag 35W varme?) Eg har forresten spurt meg sjølv: Går det an å underklokke prosessoren, og deretter skru ned spenninga på den? Då vil den jo utvikle mindre varme. Eller er eg heilt på bærtur? * Støy: Helst skal den være lydlaus, men det er litt vanskeleg å få til. Då går eg heller for støysvak. I følge bilde av kabinettet på microplex, er det mogleg å montere to 80mm vifter side-by-side i bakkant, etter ein liten modifikasjon. Då kan eg halvere hastigheiten på viftene, og aligavel ha samme airflowen.. (Min logikk seier iallefal så.) Og om eg går for ei strømforsyning med 120mm vifte blir den (forhåpentlegvis) stillegående... OS: Har ikkje peiling. Men det må være så enkelt å at sjølv bestemor klarer å bruke det. (For det er lov å håpe.) Windows Media Senter 2005 hadde vært gøy å teste. Koster det ikkje omlag 1500,- her i landet? Kva foreslår folk? Eg meiner eg har høyrt (lese) bra om nForce 3 250GB.. Kan det stemme? Kva meiner du? -Njål Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå