Gå til innhold

Oppstartsproblem (Mystisk) !


Anbefalte innlegg

For tre dagar sidan så dukka det opp eit problem med PC'en min. Då eg skulle starte han opp, så byrja den å pipe noko heilt valdsamt og slo seg av uten at det kom noko skjermbilete. Eg satt då på LAN saman med eit knippe andre kompisar og vi tenkte at det sannsynlegvis var for varmt i PC'en og at det var orsaka til at den slo seg av. Så, eg tok han med ut på verandaen og kobla han opp der. Då starta den lett opp og viste ikkje tekn til problem i heile tatt. Men då eg tok han med inn att, så kom problemet igjen.

 

Dagen etter flytte vi på oss til eit annan stad og PC'en fungerte normalt i litt over eit døgn før den klikka igjen på akkurat same måte. Då satte eg han på trappa slik at eg fekk kjølt han ned litt, men det hjalp ikkje stort. Etter det kom også eit anna problem - den peip ikkje i heile tatt i BIOS'en og skjermen var svart. Denne gongen gjekk det ikkje an å slå han av med Power-knappen så eg måtte dra ut leidninga. Men det var også litt rart at då slo maskina seg på igjen berre eg stakk leidninga inn att.

 

Altså, maskina starta på forskjellege måtar:

 

1. Maskina startar normalt med eit pip og den bootar normalt. Feilen er at den etter 5 minutt slår seg av og det tar lang tid før eg kan starte den opp slik att.

 

2. Maskina startar opp og eg kan høyre 2 pip etterfulgt av 8 raske pip. Harddisk og vifter durar og går, men slår seg av etter ei stund. Skjermen er heilt svart og sett seg sjølv Stand-By. Dette er den vanlegaste måten maskina startar opp på for tida.

 

3. Maskina pip ikkje i oppstarten i heile tatt og det kjem heller ikkje noko skjermbilete. Det er sjelden at eg klarar å slo ho av med Power-knappen og eg må koble ut straumen heilt, men når eg koblar straumen på att (utan å bruke Power-knappen) så byrjar maskina å jobbe igjen.

 

Av desse tre punkta er det berre Punkt 1 som fungerar, men berre i 5 minuttar.

 

Kva er gale?

 

Info:

CPU: AMD XP2200+

HD: 80 GB

VGA: Sapphire Radeon 9800 Pro 128 MB

Mainboard: ECS K7S5A

Minne: 1024 DDR-SD RAM

OS: Windows XP Professional

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...