voxra Skrevet 7. juli 2004 Del Skrevet 7. juli 2004 Tittelen seier vel kva eg lurar på. Eg vil rett og slett ha ein skjerm der ting ser minst mogeleg ut, eg er van med 1600x1200 så det vil vera nedtur å måtte fira på dette. Eg må minst ha ei oppløysing på 1280x1024 grunna programvare eg nyttar. Eg er eigentleg glad i CRT men har flytta inn i eit nytt bygg på arbeid og kontoret er nær nok ein trafo-kiosk til at biletet hoppar og skjelv på CRT. I helga har dei skjerma trafokiosken noko (nok til å tilfredsstilla krav til stråling), men ikkje nok til at me kan nytta CRT på den rekkja av kontor som eg sit på. Beste helsing, Randi A. Lenke til kommentar
Ni kon Skrevet 7. juli 2004 Del Skrevet 7. juli 2004 Hei Randi:) Du må nok minst ha en 20" lcd til ditt bruk. Du skriver ikke om noen spesielle behov. anbefaller at du for blar gjennom denne: http://www.hw.no/art.php?artikkelid=8623 Hvis du definerer behov og sum du kan bruke, skal forum medlemmene komme med gode anbefalinger Lenke til kommentar
voxra Skrevet 7. juli 2004 Forfatter Del Skrevet 7. juli 2004 Hei Øyvind, og takk for kjapt svar. Eg har lånt meg ein 20" LCD no i ferien (den kan kjøyra 1600x1200), men synes at pikslane vert 'for store' på denne. Dette er berre mi personlege meining, dei fleste er heilt sikkert ueinige Om det kan hjelpa at eg seier kva eg skal nytta skjermen til så er ikkje det nokon løyndom: På arbeid nyttar eg kun standard kontorprogramvare for Windows; m.a. Word/Excel, UltraEdit (for programmering), Putty, FTP, Thunderbird, Mozilla og XML-Spy. Hovudgrunnen til at eg vil ha så stor oppløysing er som sagt personleg preferanse frå mi side, men eg nyttar og eit spesialprogram for studieadministrasjon der biletet for tinging av spørjingar mot databasen er så stort (i pikslar) at ei oppløysing på mindre enn 1280x1024 typisk berre viser meg det første resultatet av kallet og då vert det for mykje skrolling for meg. I tillegg er det greitt å kunna programmera i XML-Spy/UltraEdit samstundes som ein har eit nettlesarvindauga oppe (for å sjå resultatet av det ein gjer). Eg tenkte kanskje at nokon hadde funne ein eller annan 17" LCD som kunne kjøyra 1600x1200 sidan eg først spurde om dette i denne tråden (som eg no har oppdatert). Heime har eg 2x17" av billegaste type og kjøyrer 2x1600x1200. Berre fordi eg vil (og fordi eg ikkje har ein trafokiosk rett ved), skal ikkje presse denne løysinga på nokon andre. Subsidiært hadde det kanskje vore mogeleg å skjerma CRT'en min lokalt sidan dei ikkje skal gjera meir med trafokiosken? Randi A. Lenke til kommentar
voxra Skrevet 7. juli 2004 Forfatter Del Skrevet 7. juli 2004 -eg meiner sjølvsagt høg oppløysing (ikkje stor som eg skriv over) Lenke til kommentar
Ni kon Skrevet 7. juli 2004 Del Skrevet 7. juli 2004 tror dessverre du skal slite for å finne 1600 x 1200 på skjermer mindre enn 20"..... kommer ikke på noen i farten som har dette.... Men du har jo pivot funksjon å en rekke skjermer. Da stiller du skjermen på høykant, slik at du ser mer av dokumentene. Tja, prisklasse sa du det? Lenke til kommentar
enden Skrevet 7. juli 2004 Del Skrevet 7. juli 2004 (endret) Beklager, men det finnes ingen skjerm med 1600*1200 oppløsning som har mindre pikselstørrelse enn 0,255 mm (som jeg har hørt om da). Laptop er det eneste forslaget jeg har. edit; mener forresten jeg leste noen rykter om at det er produsenter som har mindre skjermer med den oppløsningen på tegnebordet, men tror det var på en av de mindre troverdige nettstedene, så det er jo ikke sikkert at det blir noe av, og fra tegnebord til Norge er en ganske lang vei Endret 7. juli 2004 av enden Lenke til kommentar
voxra Skrevet 7. juli 2004 Forfatter Del Skrevet 7. juli 2004 (endret) Beklager, men det finnes ingen skjerm med 1600*1200 oppløsning som har mindre pikselstørrelse enn 0,255 mm (som jeg har hørt om da). -og det tyder 20" i min verden (eller 19" kanskje)? Øivind har vel allereie svart at eg ikkje kan få 1600x1200 på ein LCD som er mindre enn 20". Huff. Takk for svar, sjølv om eg no ser lynsvart på kvardagen (på komplett kostar ein 20" 12.405,-). Det er mykje pengar for ein skjerm du veit du ikkje vil vera heilt nøgd med. Uansett, det kan jo ikkje du noko for... Randi A. -startar ny tråd med von om å få tips om skjerming av CRT... Endret 7. juli 2004 av voxra Lenke til kommentar
enden Skrevet 7. juli 2004 Del Skrevet 7. juli 2004 Tja, den billigste 20" på markedet idag er Acer AL2021 til drøye 8.000 Den kommer det en test av imorgen, skrevet av undertegnede. Lenke til kommentar
voxra Skrevet 7. juli 2004 Forfatter Del Skrevet 7. juli 2004 -det var jo ein betre pris. Uansett er det mykje å betala 7000,- ekstra for å få ein LCD-skjerm (igjen mi personlege meining) som kan gjera det samme som ein CRT kan. Kanskje det enklaste vil vera å be om å få bytta kontor? Randi A. Lenke til kommentar
Solarstone Skrevet 22. juli 2004 Del Skrevet 22. juli 2004 kjøp deg en prosjektor Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå