BA1 Skrevet 22. juni 2004 Del Skrevet 22. juni 2004 Hei. Har akkurat fått ADSL frå Telenor, og no har eg planar om å setje opp eit nettverk. Har søkt og lest litt på forumet, men har framleis eit par spørsmål. Nettverket består i dag av 1 stasjonær (ethernet kort) og 1 bærbar PC (Wlan og ethernet), men det kan bli fleire. Etter som eg har forstått har eg fleire moglegheitar: Trådløs: Alt 1: ADSL modemet har innbygd ruter (etter kva eg har lest på forumet stemmer dette). Eg kan då kjøpe eit tårdløst aksesspunkt, og koble den bærbare til den med WLan og den stasjonære med kabel. Kan også kjøpe USB Wlan adapter til den stasjonære. Treng eg switch? Alt 2: Kjøpe trådløs ruter og ellers koble til som over. Alt1 vs alt 2? Ser at ein ruter koster omtrent det samme som aksesspunkt, eller eg som tek feil? Kva med 11Mps vs 54 Mps? Kan m.a. kjøpe 11Mps med 1 stk USB WLAN til 599 hjå telenor når eg bestille ADSL. Alt 3: Ingen trådløs. Koble switch til modemet og koble begge maskinene med kabel til switchen. Vil dette fungere? Kva alternativ skal eg velje? Vil gjerne ha trådløs, men ikkje for ein kvar pris. Kva er den billegaste løysinga (mest for pengane) for trådløs? Skal bruke nettverket til å dele filer og dele internett (ADSL). Hadde vore fint om ein også kunne delt printer. Det må vere mogleg å vere på internett med begge maskinene samtidig. Håper nokon kan hjelpe Spør viss noko var uklart. Er ganske nybegynnar når det gjeld nettverk. Vennleg helsing Bjørn Atle Lenke til kommentar
Doleo Skrevet 22. juni 2004 Del Skrevet 22. juni 2004 Hvis du kjøper et aksesspunkt med switch har du det du trenger. F.eks. denne Da får du ledning til den stasjonere og wlan til den bærbare. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå