Gullars Skrevet 28. februar 2004 Del Skrevet 28. februar 2004 Hei Eg skal ha eit såkalla læringsoppdrag på skulen, i faget IT. Eg skal laga eit kunde-/videoregister i Access, og nytta VB til å kopla opp mot, og endra/sletta/oppretta data. Eg har fått tak i boka Visual Basic 6.0 i teori og praksis av Bernt Bertheussen, men eg har støytt på nokon problemstillingar som han ikkje tar opp der. Kort programoversyn: Innlogging -Admin *Endre brukarar *Rapportar *Vanleg brukar-meny -Brukar-meny *Kunderegister *Utleige (spørjing med kunderegister/filmar) *levering (spørjing med kunderegister/filmar, men med avhaking for levert) Det er nokon andre småfunksjonar óg, men dei trur eg eg skal få på plass. Eg har laga eit Data Environment for å kopla opp mot databasen, og det har fungert fint. Eg får til å sletta/endra/oppretta nye postar. Problem: Innlogging: Eg har ein tabell (Brukarar). Felta er ID, Namn, Brukarnamn, Passord og Tilgang. Innloggingsforma har to felt, brukarnamn og passord. Når ein brukar logger seg inn, skal han søkja gjennom databasen, og sjekka at brukarnamn/passord stemmer. Deretter skal han sjekka om det er admin eller vanleg brukar. dersom admin, send til formen admin. dersom vanleg brukar, send til brukar-meny. Eg skulle få hjelp av ein kar på #visualbasic på undernet angåande dette, men han måtte plutseleg gå. her er koden han gav meg så langt: Private Sub Logginn_Click() Dim ADOConnection As ADODB.Connection Dim ADORecordset As ADODB.Recordset Set ADORecordset = New ADODB.Connection ADOConnection.Open ("Provider=Microsoft.Jet.OLDEDB.4.0;Data Source=database.mdb") //Her skal resten av koden vera, dersom eg har forstått rett. ADOConnection.Close ADORecordset = Nothing End Sub Oppslag: Dette trur eg skal vera ganske enkelt, men eg får det ikkje til... T.d. i kunderegisteret, vil eg ha den tradisjonelle postnummer-funksjonen. At ein skriv inn postnummer, og med eit oppslag automatisk får opp poststad. Verdiar: I admin-panelet, kan administratoren leggja til/endra/sletta brukarar. Heilt nede har eg ein text-boks, somm anten inneheld verdien "admin" eller "brukar". her vil eg heller ha ein combo-boks, men når eg prøver å laga ein combo-boks med dei same eigenskapane, men med combo1.additem "admin" og det samme for brukar, får eg ei feilmelding. Viss nokon kan hjelpa meg med desse tinga er eg djupt takksam. Prosjektet inneheld mykje av det same, og eg trur at det kan hjelpa meg veldig langt på veg dersom eg finn ut av dette. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå