Gå til innhold

Forsvaret nekter for at UFO har landet


hmork

Anbefalte innlegg

FORSVARET NEKTER AT UFO HAR LANDA

 

(Marsposten) - Ein talsskapning for Marsluftstyrkene avsanna

ryktene om at ein framand romfarkost krasja inne i

Gusev-krateret 2. januar. På ein pressekonferanse i dag sa

general Rgrmrmy Den Mindre at det folk såg bare var ein

værballong for høgare luftlag, ikkje ein UFO.

 

Ryktene starta då ein major stasjonert på Gusev-basen kontakta

Marsposten og fortalte at ein merkeleg ballong-forma ting skulle

ha falle rett ned frå himmelen og sprotte opp att fleire gonger

bortover sanden i krateret. Då gjenstanden stoppa skal ballongen

plutseleg ha sluppe ut store mengder ukjend gass, og sunke

saman.

 

Få minutt seinare kontakta general Rgrmrmy Den Mindre Marsposten

telepatisk og motsa den tidlegare rapporten frå majoren.

Generalen slo fast at dei hysteriske rapportane om at tingen

skulle ha opna seg og sendt ut eit lite fartøy som kjørte

omkring i Gusev-krateret var reint oppspinn, truleg som følgje

av for stort inntak av vatn i samband med nyårsfeiringa.

 

Men folkemeininga har vore lite tilbøyelege til å godta

forklaringa til Forsvaret, og har heller foretrukke å spekulere

på det utanommarsiske opphavet til tingen. Ryktene blir nok

forsterka av dei tidlegare ryktene som oppsto 25. desember, om

at ein annan, liknande UFO skulle ha krasja inne i det 1500 km

store krateret Isidis Planitia.

 

UFO-entusiastar har forkasta utsagna til Rgrmrmy som nok eit

bevis på at Forsvaret forsøker å halde UFO-ar hemmelege, og

viser til at Gusev-krateret faktisk vart sperra av 2. januar,

sjølv om slik avsperring er eit vanleg tryggleikstiltak

Forsvaret iverksetter når avdelinga stasjonert på Gusev-basen er

på manøver.

 

<fra rec.humor.funny av http://www.DataBibelen.no >

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Alle sammenhenger mellom marsboere og nynorsk er helt koinsidensell.

 

Nynorsk er mye mer norsk enn det dansknorske bokmålet. Vakrere også.

 

La oss ikke diskutere dette her :-)

Koinsidenfisninjelft?

 

Nynorsk er forresten mye mer et kunstig språk enn norsk. Styggere også.

 

La oss ikke diskutere dette her.

Lenke til kommentar

For de som ikke har gått på skole så lenge:

koinsidens = tilfeldighet

 

Du har rett i at nynorsk er et konstruert språk på en måte, men igjen er det jo laget for å omfavne en del av kulturarven som fins i landet vårt. Det er uten hensikt å bryte ned den egenarten vi som nordmenn har, ved å prøve å bli mer lik andre.

 

Bokmål er på lang vei et derivat fra dansk.

 

Du kan gjerne spare deg for å komme med slike tullete slutninger (nynorsk "outta this world") i fremtiden. Hvis det var gjort i humorens ånd, så greit nok, men prøv å plukk et enklere mål eneste gang :-)

 

Får man ikke lov til å snakke det målet man vil i Norge lenger, ja, da er det virkelig noe galt.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...