Diskusjon.no Skrevet mandag kl 07:32 Del Skrevet mandag kl 07:32 Går sammen for å advare nordmenn før teknologiskiftet.Les hele artikkelen på Tek.no her Lenke til kommentar
FrihetensRegn Skrevet mandag kl 08:04 Del Skrevet mandag kl 08:04 Hvorfor hastverk? Kostnader? Ta heller å steng ned i 2030. Lenke til kommentar
The Avatar Skrevet mandag kl 09:02 Del Skrevet mandag kl 09:02 Det er mulig det er eg som er treig her, men eg skjønner ikkje kva som er poenget med denne felles nettsida utover å kunne vise til eit halvhjerta forsøk på å informere. Det står i artikkelen at dei med denne sida vil prøve å nå kundegrupper som dei ikkje har direkte kontakt med. Det forstår eg som dei som er reine brukarar av systemet men som ikkje betalar rekninga som til dømes eldre med tryggheitsalarm eller bileigarar med eCall i bilen. Det er fint det å nå disse og ikkje berre sende informasjon til den som er fakturamottakar, men har det noko hensikt? Kva kan Olaug på 90 gjere med informasjonen om at tryggheitsalarmen som ho har fått utlevert av kommunen vil slutte å virke til hausten? Olaug kan sjølvsagt purre på kommunen om å få ny tryggheitsalarm men det er vel omrtrent alt ho kan gjere. Tilsvarande er det med Terje som har ein 2021 modell Ioniq 5 med eCall over 2G, det er fint å vite at systemet kjem til å slutte å fungere men det er i liten grad noko som Terje sjølv kan gjere noko med anna enn å purre på Hyundai om å få skifta ut til eCall med 5G. Eg synes forøvrig at denne sidan gir lite relevant informasjon. På den delen av sida som omhandler sjekk av om utstyret ditt er klart til 2G nedstenginga så står det berre at du må ta kontakt med mobiloperatør eller utstyrsleverandør. For det fyrste så burde ei slik informasjonsside ha ei oversikt over i det minste dei mest brukte 2G dingsane som ein veit blir berørt slik at brukarane raskt kan sjå over lista for å sjå om dei finn utstyr som dei veit dei har, som til dømes alle bilmodellane som ein veit bruker 2G. Den virkelig store utfordringa for kundane er jo nettopp at veldig mange ikkje har oversikt i det heile tatt på kva nett dei ulike systema bruker. I beste fall veit dei om innbruddsalarmen er oppkopla mot wifi eller mobildata, men det er nok dei færraste som veit nøyaktig kva slags mobilnett innbruddsalarmen brukar. For det andre så er det vel mykje meir treffsikkert om Telenor og Telia hadde sendt ut brev til alle fakturamottakarar med denne informasjonen? Her sitter både Telenor og Telia på den beste oversikta over kven det er som betalar for utstyr som kommuniserer over 2G nettet og som til hausten kjem til å betale for ei teneste som ikkje blir levert. For sjølv om det er vekterselskapet som har levert innbruddsalarmen som skal vite om sentralen brukar 2G eller 5G, så kan det også her skje feil ved at vekterselskapet trur utstyret er oppdatert og at 2G nedstenginga ikkje berører sentralane som dette vekterselskapet bruker, men det er Telenor som sitter på fasiten og som kan gi eit klart svar på om innbruddsalarmen kommuniserer over 2G eller 5G. Tilsvarande mangelfull er informasjonen om kva områder som vil oppleve nedstenging fyrst. Her står det berre at berørte kundar vil få eit varsel (kva er då hensikta med denne sida?), samt lenker til Telenor og Telia sine sider med info om at 2G nettet blir stengt. Her burde det som minimum vært eit dekningskart som viser planlagt nedstenging. Alle bileigarar med eCall over 2G er vel interesert i å vite om 2G nettet blir nedstengt på vegstrekningar som ein ofte køyrer på? Når 2G nettet blir nedstengt slik at bilen mister eCall når den står parkert i garasjen heime hos bileigar er relativt uviktig for ein bileigar som vil vite om bilen kjem til å autmatisk varsle nødetatane om ein køyrer i grøfta på ein fjellovergang hausten 2025. Det er mulig det er eg som er tverr og vanskeleg her, men eg kan ikkje sjå at denne felles heimesida er noko meir enn eit nytt steg i ansvarsfråskrivinga til Telenor og Telia som ønsker å stenge ned 2G nettet lenge før resten av Europa. Sjølv på denne infosida så står det under eCall at EU vil innføre krav om eCall over 4G og 5G i 2027, kvifor insisterer ein då på å stenge ned 2G nettet meir enn eit år før EU innfører eit slikt krav som berre gjeld nye bilar? Det er greit nok at bilprodusentane burde mykje tidlegare vært ute og oppgradert for framtida (til tross for at dagens EU-krav seier at eCall må kommunisere over 2G), men her stenger Telia og Telenor 2G nettet vel vitande om at det ikkje er praktisk mogleg å få oppdatert alle eksisterande bilar til eCall over 4G før hausten er her. EU har med sitt krav planlagt at gradvis utskifting frå 2027 og ikkje at heile bilparken må endrast før sommaren er over. At denne infosida i tillegg hiver inn ei lenke til korleis du kan aktivere ein liknande teneste for ulykkesregistrering dersom du har iPhone blir nesten useriøst. Sjølv om både iPhone sin ulykkesregistrering og eCall tilsynelatande gjer det same så er sikkerheitsnivået langt høgare med eCall, blant anna fordi eCall-systemet registrerer om det har vært ei ulykke som har hatt stor nok kraft til å utløyse airbaggen. iPhone si løysing ringer berre politiet for å informere om at det er registrert eit kraftig støt, noko som også kan skje ved at du mister ned telefonen. Når politiet får automatisk oppringing frå bilen som har vært i ein så kraftig kræsj at airbaggen er utløyst så gir det openbart høgare prioritet enn eit automatisk anrop frå ein iPhone som berre har registrert eit støt. 2 Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå