Gå til innhold

Hva slags utdanning innen økonomi?


Anbefalte innlegg

Hei.

Står mellom to valg, https://www.usn.no/studier/bachelor-i-okonomi-og-ledelse/ eller https://www.bi.no/studier-og-kurs/bachelorstudier/okonomi-og-administrasjon/?gad_source=1&gclid=CjwKCAiAtYy9BhBcEiwANWQQL3XawH89t_53N87jEGzUjDNbC3okZbPxvzxOuQQjiuuJo_P6TMhfuhoC4QkQAvD_BwE&gclsrc=aw.ds.

 

Vil helst ikke betale for BI, men hvis USN sin økonomiutdanning er "dårlig", så er det sånn at det kan vurderes. 

Har prøvd å søke litt rundt å finne folk som har tatt en bachelor eller master hos USN og hva slags jobbtilbud de evt har fått. 

Har sett på andre skoler, men det er for høyt snitt for meg til å komme inn. 

Vil folk ansette noen ifra USN, da det ikke er et like stort navn som BI eller NHH?

 

Lenke til kommentar
  • 1 måned senere...
Videoannonse
Annonse

Gamal tråd, og eit svar er kanskje ikkje like relevant for deg lengre.

I Norge er det generelt lite "snobberi" på utdanning, det ein ser på er kva utdanning du har tatt og karakterane dine. Det er ikkje slik at dersom du tek økonomiutdanninga di på "feil" høgskule så får du ikkje jobb.

Så er det sjølvsagt eit lite snev av at den som skal tilsette kan ha ein personleg preferanse til ein bestemt utdanning og ein bestemt utdannningsinstitusjon, som at den som sjølv har tatt utdanning på BI ønsker å tilsette andre som har utdanning frå BI, og omvendt. Men det har nok meir å gjere med at den som sjølv har utdanning frå NHH kjenner best til den høgskulen og veit at kvaliteten på utdanninga er god, og omvendt så vil den som sjølv har utdanning frå BI lettare kunne gå god for ein arbeidssøkar som har tilsvarande utdanning.

Sidan det openbart er umogleg for deg å velge utdanning basert på kva utdanning til potensielle arbeidsgivar har tatt når du ikkje ein gong veit kvar du vil ynskje å søke jobb, så må du velge den utdanninga som er best for deg.

Sjekk nøye over forskjellane i det faglege, og velg den utdanninga som har mest fokus på dei områda som du har størst interesse for. Deretter så kan du godt vurdere litt sjølve høgskulen, lokasjonen og studiemiljøet, for når du fyrst har funnet ein skule som tilbyr akkurat kompetansen som du vil ha så blir neste steg å finne ein stad der du også kan trivast.

 

Eg har ikkje satt meg inn i læreplanane, men basert på lenkene du har lagt til så er min overfladiske konklusjon:

USN: Fokus på leiing og generell økonomi, samt ei fordjupning som varierer avhengig av studiestad som eg ikkje har sett på.
BI: Fokus på buisness med analyser og juss.
Begge utdanningsstadane gi moglegheit for utveksling eller internship.

Eg tolkar det derfor slik at USN gir nok ein breiare kompetanse som du kan bruke til alt frå å være faktureringsansvarleg for eit lite foretak til å være leiar for ei stor rekneskapsavdeling. BI sin utdanning er meir spissa mot behova til finansmarkedet, og sjølv om du også med BI utdanning kan jobbe med det meste innafor økonomi så er utdanninga spissa mot jobbar der du det er viktig å følgje med på markedsutviklinga.

Du må gjere dine eigne undersøkingar, men her handlar det nok mest om kva som interesserer og motiverer deg, meir enn kva som er "rette" skulen å ha ha på CVen.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...