Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Hvordan si opp solidarisk leiekontrakt ved samlivsbrudd


Gjest fab9c...2a5

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Tenker advokat er heilt unødvendig her. Trådstarter er part i ei tidsbestemt leigeavtale og har i utgangspunktet forplikta seg til å leige i eit år. Om du har juridisk rådgiving inkludert i innboforsikringa eller liknande så kan det være ein tanke, men skal trådstarter sjølv betale for advokat så kostar det meir enn det smaker. 

Det er ingen juridisk måte å vri seg ut av denne leigeavtalen på, så løysinga er å gå i forhandlingar for å avgrense betydninga av å være avtalepart. 

Der mest nærliggande er å få eksen til å gå med på å sjølv betale heile husleiga sidan det er han som bur der. Då er trådstarters ansvar avgrensa til å kunne risikere å bli holdt ansvarleg for eventuelt manglande husleige, noko som normalt ikkje burde ha stor praktisk betydning når eksen har fast jobb. 

Eit anna alternativ er derdom trådstarter og eksen kan bli einige i ein eigen avtale om korleis det kollektive ansvaret skal løysast i praksis, mest nærliggande at dersom trådstarter ender opp med å måtte betale fordi eksen ikkje har betalt så er dette å ansjå som privat gjeld som trådstarter kan kreve tilbakebetalt. 

Lenke til kommentar
Gjest fab9c...2a5 skrev (3 timer siden):

Vil det funke? Ettersom en kontrakt er bindende.. jeg klarer ikke å finne noe på google om sånt skjønner du.. men jeg tenker, vi har ikke flyttet inn enda. Så jeg vet ikke om det er SÅ bindende enda..

Anonymous poster hash: fab9c...2a5

En kontrakt er bindende, ja. Snakk med både utleier og kjæreste. Det kommer til å ordne seg. Lykke til.

Lenke til kommentar
Darkbill skrev (1 time siden):

Alt må da foregå digitalt, ikke kun signatur.

I tillegg er det heller ikkje angrerett om alt har foregått digitalt med unntak av signeringa.

Dette er juridisk komplisert der små detaljar kan ha stor betydning. Husleietvistutvalget skriv på sine sider at hovudregelen er at det ikkje er angrerett men at unntaket er når leigeavtalen er inngått som fjernsalg, noko som dei definerer slik "Fjernsalg er typisk en avtale om leie av bolig som blir inngått via telefon, sms, eller e-post, hvor utleier har lagt opp til at avtale kan inngås på slik måte".
Det er tydeleg at ein bevist ikkje omtalar fjernsalg der leigetakaren har fått langt meir opplysningar, som ein vanleg nettannonse der husrommet er både fotografert og beskrevet med tekst. Det vil fortsatt være fjernsalg sjølv om leigetakaren har fått god informasjon, men samtidig er ein del av intensjonen med angreretten borte når ein ved hjelp av teknologi har fått gjennomført visning.

 

Ein eventuell bruk av angrerett fordrar også at eksen er interessert i å kome seg ut av leigeavtalen, og det er ikkje gitt. Strengt tatt vil det være i eksens interesse å flytte inn i bustaden og kreve at trådstarter i henhold til avtalen betalar halve husleiga sjølv om ho ikkje skal bu der.
Det er dette som gjer det avgjerande at trådstarter får ein god dialog med eksen om korleis dette kan løysast på ein minneleg måte, om nødvendig med forhandling.

Utleigefirmaet vil berre ha ulempar med å gå tilbake på den inngåtte leigeavtalen. Ei heving betyr ekstraarbeid med å finne nye leigetakarar og med risiko for lediggang frå januar av. Og det å frita trådstarter fra det solidariske økonomiske ansvaret gir også utleigar mindre sikkerheit for å få pengane sine.
Også her kan det å forhandle være løysinga, som til dømes at trådstarter tilbyr å betale X kroner for at utleigar skal gå med på å endre leigeavtalen slik at det berre er eksen som står ansvarleg for leigeforholdet.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...