Gå til innhold

Hvordan komme seg vekk fra jobben sin uten å få ny jobb om man ikke trives? Vi renholdere har ikke noe vi skulle ha sagt


Gjest bc14e...3ba

Anbefalte innlegg

The Avatar skrev (På 12.11.2024 den 3:06 PM):

Det er eigentleg motsatt.

Det klare utgangspunktet er at du skal ha betalt for den tida du er på jobb. Har du fastsatt arbeidstid så er det meininga at du skal avslutte arbeidet når du har brukt opp den tilgjengelege arbeidstida. For å få rett til overtidsbetaling så må du ha fått beskjed om å jobbe overtid frå sjefen din, og har du ikkje fått beskjed om å jobbe overtid så skal du heller ikkje gjere det. Dersom sjefen meiner at du har disponert tida feil så er det sjefen som må føre bevis for dette. I ditt tilfelle så er det avgjerande spørsmålet om tida du har fått til rådigheit er tilstrekkeleg for å gjere den jobben som skal gjerast med akseptabelt resultat.

Om du har fått 3,5 timar til å gjere jobben, men du treng 4,25 timar for å bli ferdig så er det ein tidsforskjell på 22%. Så er det sjølvsagt rom for å stille spørsmål ved om det er du som som brukar 25% for lang tid på jobben, eller om jobben er for omfattande. I tillegg til den tida det faktisk tek å gjere jobben, så skal det også være innberekna eit rimeleg slingringsmonn som sikrer at jobben kan fullførast innafor fastsatt tid også om det skulle være ekstra skittent ei dag eller det skulle være andre ting som hindrar deg.

Eg har nok også ein sterk mistanke om at ein ved utrekninga av arbeidstida ikkje har tatt høgde for at det å vaske ein barnehage er noko litt anna enn eit kontorbygg. I eit kontorbygg så er det golva som må vaskast i tillegg til eit par toalett med tilhøyrande vask. Det å vaske fingermerker frå vindu og veggar gjer ein vel berre ein gong i skuddåret i kontorbygg, medan i barnehagen er det nok sikkert nødvendig å vaske slike flater dagleg.

 

Mitt generelle råd er at du bør tørre å stå litt meir på ditt. Som f.eks. at du ikkje jobbar 45 minutt utan betaling. Blir du ikkje ferdig på avsatt tid så blir du ikkje ferdig. Neste gong så må du redusere kvaliteten på jobben du gjer for å sjå om du rekk over alt då. Til dømes at dei gongane du vasker røra under vaskane så vasker du ikkje golva, ein stad må du spare inn tid.

Så får sjefen berre bli sur. I verste fall så får du sparken, og då har du ikkje sagt opp sjølv og slepp karantenetida. Merk likevel at NAV kan avgjere at du sjølv er skuld i at areidsforholdet opphøyrte om du blir sagt opp fordi du nektar å gjere jobben din, men så lenge du gjer ein akseptabel innsats for å gjere jobben innafor dei rammene du har fått så blir det vanskeleg å hevde manglande arbeidsvilje som årsak til oppseiinga.

Eg tenker at dette er ei vel så bra løysing som å høyre med legen om det er grunnlag for sjukemelding.

Enig med deg. Tenker akkurat sånn selv. Men om jeg nedprioriterer gulv eller noe annet så skal jeg love deg at kunden ringer sjefen neste dag så får jeg kjeft. 

Jeg skal levere inn nøklene mine i nøkkelboks i morgen utenfor kontoret.. så sender jeg oppsigelse på mandag når jeg har vært hos legen å fått sykemelding :) og hvem vet. Kanskje hun må gjøre jobben min om hun ikke finner vikar på så kort varsel 😉

Skrev melding om at jeg er utbrennt og derfor uansett ikke har noe på verken jobben eller bak rattet å gjøre siden jeg må kjøre bil til jobb da jeg bor usentralt.:)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...