Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Hvor lavt funksjonsnivå tenker du man bør ha dersom man skal dømmes utilregnelig?


Gjest a1f97...ba0

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Man kan ha lavt funksjonsnivå og likevel være tilregnelig strafferettslig, feks ved alvorlig personlighetsforstyrrelse, og hatt godt funksjonsnivå men i en akutt psykose ikke være det...

Det handler mao om ikke bare om funksjonsnivå,  men om evnen til å forstå hva en gjør

Mitt personlige syn

Lenke til kommentar

Spørsmålet om ein er strafferettsleg tilrekneleg er alltid eit vanskeleg spørsmål å svare ut, og er ofte gjenstand for kritikk.

Å finne skille der personen måtte ha forstått at det ein gjorde var galt er ikkje enkelt og har mykje til felles med fastsettinga av nedre straffealder for barn.
Dei fleste 14 åringar veit nok utmerka godt at bruken av vold er ulovleg, grunnen til at grensa for straff er satt ved 15 år er til dels fordi ein 14 årig typisk har dårlegare konsekvensforståing og dels fordi det å sone i fengsel ikkje er bra verken for oppdragelsen til ungdommen eller for den rehabiliterande funksjonen som fengsel normalt skal ha.
Konsekvensforståinga er i denne smanhengen aktuell både i form av at ein forstår at konsekvensen av å gjere lovbrot er at ein blir straffa, men også det å forstå skadepotensialet i ei handling. Ved slossing er det typisk ikkje slaga i seg sjølv som er livstruande, det som er livstruande for offeret er møtet med asfalten etter slaget. Den konsekvensen krever det litt modenheit for å forstå.

 

Min meining opp mot strafferettsleg utilregnelege er at skillet bør gå der den som er sikta forstår kvifor ein blir straffa og har utbytte av rehabiliteringa som skjer i fengsel. Dersom den som er sikta ikkje forstår dette så er det heller ikkje nokon vits i å bruke ressurar på eit fengselsopphald. Dersom behovet fyrst og fremst er å verne samfunnet fordi den sikta er så uberekneleg så vil vanlegvis tvangsinnlegging være ein meir fornuftig løysing.

Eg gjer meg også nokre tankar om at i større grad burde straffenivået ideelt sett vært fastsettast både utifrå standariserte strafferammer og ei vurdering av den sikta sin evne til å forstå lovbrotet. Tilsvarande den andre vegen om ein kan bevise at den sikta hadde til hensikt å gjere meir skade om ein ikkje hadde blitt stoppa. Til dømes dersom eit ran ikkje berre vart utført for å ta mobiltelefonen til offeret, men var motivert av eit ønske av å psykisk terrorisere offeret til å bli arbeidsufør så bør ein sjølvsagt straffast langt strengare enn for eit vanleg ran.
Dette blir gjort også i dag, men i motsetting til strafferettsleg tilregnelegheiter der ein brukar psykologar for å vurdere tilreknelegheita, så er det opp til retten å vurdere kva intensjonar den sikta eigentleg hadde.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...