Gå til innhold

Hva har Norge tjent på å ha generalsekretæren i NATO i 10 år?


Anbefalte innlegg

Forhåpentlegvis så har ikkje Norge som stat tent på å ha generalsekretæren, om det skulle bli ein kamp om å få være generalsekretær i NATO for å styrke eigne nasjonale interesser så kan vi nesten berre legge ned NATO fyrst som sist. Krigar har brutt ut av mindre.

Det einaste Norge som stat kanskje har tent på at Stoltenberg har vært generalsekretær i NATO og har gjort ein god jobb der, er nok at det har styrka Norges omdømme som ein nøytral og diplomatisk part som også i framtida kan få ansvaret for å være fredsmeklarar og slikt.

Mitt klare inntrykk er at NATO under Stoltenberg har blitt ei sterkare allianse, særleg med støtte frå USA ved at både Obama og Trump satte 2% kravet på agendaen og på den måten fekk styrka alliansen militært sett. I tillegg til at Stoltenberg ser ut til å ha klart å flate ut spenningar og einigheiter mellom medlemslanda.

 

Når det gjeld kva som er ordninga med leiarskap i NATO samt viktigheita av å ha nasjonale representantar så er svaret på det fyrstnemte at det ikkje finnes faste reglar for kven som skal være Generalsekretær i NATO. Regelen er at alle medlemslanda må være einige om kven som skal bli generalsekretær, og alle medlemslanda har vetorett i dette spørsmålet.
Alle, eller dei fleste medlemslanda stiller med ein aktuell kandidat, og så blir det drøftingar for å finne den beste kandidaten til å være generalsekretær.
Vervet som generalsekretær går ikkje på rundgang, men det er nok ein uskreven regel eller sedvane på at ein har ein viss rotasjon og at det ikkje er same landet som alltid har generalsekretæren.

Det er også blitt ein sedvane at NATO velger ein generalsekretær frå Europa og ein Amerikanar som øverste sjef for NATO-hovudkommandoen. Altså at ein har politisk leiing frå Europa og militær leiing frå USA.

På spørsmålet om det er viktig å være representert med representant for kvart land, så er det litt både og. I teorien skal det være heilt irrelevant sidan det er same jobben som skal gjerast uansett, men det er klart at det er viktig at alle medlemslanda kjenner seg både respektert og anerkjent.

  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...