Gå til innhold

Defekt UniFi USG Pro 4 - kjøpe ny eller oppgradere til Dream Machine Pro?


Anbefalte innlegg

Me har ein UniFi Security Gateway Pro 4 i heimenettverket som er i ferd med å ta kvelden. Garantien er diverre utgått for eit halvt års tid sidan, så her er det nok berre å belage seg på å kjøpe nytt... :hrm:

Det eg lurar på er om eg skal kjøpe ein ny USG Pro 4 (billegaste pris på Prisjakt.no kr 3 318,-) eller gå for ein Dream Machine Pro i staden (billegaste pris kr 5 318,-).

Per i dag har eg ein UniFi Cloud Key som styrer systemet, denne kan eg så vidt eg forstår kaste ut viss eg går over til ein Dream Machine Pro?

Eg vurderer òg på sikt ein G4 Doorbell Pro PoE, og då er det vel òg gunstig å ha Dream Machine Pro (med tanke på at ein kan installere ein HD i denne).

Som de sikkert skjønar så hallar eg mot Dream Machine Pro, men vil gjerne høyre om nokon meiner det er to tusen bortkasta kroner med differansen mellom dei to alternativa? I tillegg til dei tinga eg nemner over her så tenkjer eg litt på kva som har framtida føre seg. Dessutan får eg gjerne selt Cloud Key på Finn.no for å utlikne noko av prisdifferansen.

(Noko på sida: Er det nokon som har gode erfaringar med å kople fiberen frå Altibox rett i Dream Machine Pro og hive ut Altibox sin heimesentral?)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Et annet alternativ til USG-4 er Cloud Gateway Max med SSD. Hva som er lønnsomt har jeg ikke satt meg inn i. Men den løser så vidt jeg vet de samme oppgavene som ditt nåværende oppsett løser og en Dream Machine Pro.

Det er en egen tråd om å koble fiber rett i Dream Machine Pro. Virker som det er relativt greit. Antar du er fortrolig med litt fikling når du har det utstyret du har. 🙂

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Nedward skrev (3 minutter siden):

Et annet alternativ til USG-4 er Cloud Gateway Max med SSD. Hva som er lønnsomt har jeg ikke satt meg inn i. Men den løser så vidt jeg vet de samme oppgavene som ditt nåværende oppsett løser og en Dream Machine Pro.

OK, denne var ny for meg. Takk for tipset, skal sjekke! :thumbup:

Nedward skrev (4 minutter siden):

Det er en egen tråd om å koble fiber rett i Dream Machine Pro. Virker som det er relativt greit. Antar du er fortrolig med litt fikling når du har det utstyret du har. 🙂

Eg er vel i overkant glad i fikling, ja... :lol:

Lenke til kommentar
Nedward skrev (6 minutter siden):

Et annet alternativ til USG-4 er Cloud Gateway Max med SSD.

Ser no at Cloud Gateway Max ikkje er rackmonterbar. Eg gløymde vel å seie at eg ynskjer ei løysing for 19" rack for å ha alt mest ryddig og på same plass.

Lenke til kommentar
15 hours ago, Garegaupa said:

Me har ein UniFi Security Gateway Pro 4 i heimenettverket som er i ferd med å ta kvelden. Garantien er diverre utgått for eit halvt års tid sidan, så her er det nok berre å belage seg på å kjøpe nytt... :hrm:

Garantien utløpt, etter reklamasjonsrett på 5 år utløpt?

På hvilken måte er den på tur til å ta kveld?

Lenke til kommentar
NULL skrev (På 23.9.2024 den 8:54 AM):

Garantien utløpt, etter reklamasjonsrett på 5 år utløpt?

Reklamasjonsretten på fem år har gått ut. Beklagar, eg rotar alltid saman garanti og reklamasjon. :lol:

NULL skrev (På 23.9.2024 den 8:54 AM):

På hvilken måte er den på tur til å ta kveld?

Den slår seg av i tide og utide. Eg tek straumen, og då startar den att og går i nokon timar før den stoppar att. Eg tenkte på temperatur, så eg tok den ut og reinska for støv (der var ikkje mykje), samt sjekka at viftene går. Alt OK på den fronten.

No skal det seiast at den har vore stabil sidan i går til morgonen etter å ha tulla i fleire dagar, så eg får sjå det an noko. Kan ikkje seie eg heilt stolar på at den kjem til å halde seg slik når det var så gale som det var, men me får sjå. :yes:

Lenke til kommentar
Garegaupa skrev (På 25.9.2024 den 8:44 AM):

No skal det seiast at den har vore stabil sidan i går til morgonen etter å ha tulla i fleire dagar, så eg får sjå det an noko. Kan ikkje seie eg heilt stolar på at den kjem til å halde seg slik når det var så gale som det var, men me får sjå. :yes:

Jau då, som eg tenkte så begynte problema att.

Lenke til kommentar
Woff skrev (På 27.9.2024 den 8:38 PM):

Jeg hadde samme problemer og endte med en ny drømmemaskin, angrer ikke et sekund! Anbefaler deg å bare bestille NÅ! 🙂 (Har i dag 35 Unifi enheter og 14 er kamera)

OK, høyrest lovande ut! Spørst om ikkje det vert den løysinga eg endar opp med, ja. :thumbs:

  • Hjerte 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...