Gå til innhold

Vaktordning


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Svaret er dessverre ikkje like raskt. Det er avhengig av fleire forhold, særleg kva som står i arbeidsavtalen din, og om du eventuelt har tariffavtale.

Reknar med at du her tenker på det som i arbeidsmiljølova blir kalla "beredskapsvakt utenfor arbeidsstedet", altså at det ikkje er snakk om ei ordinær arbeidsvakt der du er på arbeidsstaden under heile vakta.

Arbeidsgivar har relativt fri tøylar gjennom sin styringsrett, så i den samanhengen så kan arbeidsgivar tvinge deg inn på ei vaktordning. Arbeidsgivar må likevel holde seg innafor det som er den avtalte arbeidstida. Eventuelt arbeid utover avtalt arbeidstid kan ikkje påleggast utan at det føreligg eit særleg og tidsavgrensa behov.

Arbeid utover avtalt arbeidstid skal drøftast med din tillitsvalgte om du har dette. Pålagt arbeid utover grensa for alminnelig arbeidstid skal reknast som overtidsarbeid.

Som arbeidstakar så har du rett til å bli fritatt for å jobbe utover avtalt arbeidstid dersom du ber om dette på grunn av helsemessige eller vektige sosiale grunnar, samt at arbeidsgivar pliktar å frita deg frå arbeid om arbeidet utan skade kan utførast av andre.

 

Veldig ofte kan derfor arbeidsgivar tvinge deg inn i ei vaktordning innafor rammene av alminneleg arbeidstid og reglane for overtidsarbeid. I praksis så kjem det mykje ann på korleis vakta blir organisert, ein kan mellom anna unngå avgrensinga om arbeidstid ved at du blir fritatt frå det ordinære arbeidet på dagtid slik at den vanlege jobben ikkje kjem i tillegg.

 

Til slutt vil eg legge til at ulempane med ei vaktording kjem veldig ann på kva slags vaktordning som blir innført. For beredskapsvakt skal du ha betalt for minst 1/7 timar etter arbeidsmiljølova, er vaktordninga belastande så skal du ha betalt for fleire timar. Merk at dette er betalinga for å være tilgjengeleg, dersom du må utføre arbeid så skal det lønnast som vanleg (overtids-)lønn.
Kor belastande vakta er blir ei vurdering av kor ofte vakta medfører at du må utføre arbeid (kor ofte du blir oppringt), og til dels også kor lang responstid du er pålagt. Det er sjølvsagt stor forskjell på om du er forventa å kunne møte på om forventa responstid er 30 min slik at du omtrent ikkje kan gjere anna enn å sitte heime, og det å ha ei vakt der du kan bli bedt om å møte på jobb om 3+ timar.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...