Gå til innhold
Spørsmål om helse? Still spørsmål anonymt her ×
Husk at de som svarer ikke nødvendigvis er helsefaglig personell. Ta kontakt med fastlege ved bekymringer!

Tannregulering


Foslo84

Anbefalte innlegg

Hei.

Noen som har tatt tannregulering på ungdom, der ein ikkje hadde rett på stønad fra Helfo? Og kva eventuelt totalkostnaden ble?

Var hjå tannlege med min datter på 13 år idag. Fikk beskjed at hun kunne ta ein sjekk hjå ein kjeveortoped. Men at det var for lite avvik til at hun får dekket noe. Så han sa at me måtte betale behandlingen selv. Han såg at hun ikkje hadde noen plager med tennene, men at hun kunne ta ein sjekk. Var noe med litt mellomrom mellom tennene osv. Men at Helfo dekket ikkje dette visst det var snakk om kosmetisk. Men han anbefalte å sjekke.

 

Endret av Foslo84
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Støtteordninga har blitt justert enda sidan eg hadde tannregulering. No er det slik at den lågaste satsen for støtte er 40% refusjon, deretter 75% refusjon, og i dei alvorlegaste tilfella er det 100% dekning. I praksis så betyr dette at ein har lagt terskelen mykje høgare for å få offentlege støtte.

Kva prisen for reguleringa blir kjem heilt ann på kva som blir gjort.
Heilt standard tannregulering vil tannlegen typisk ta 20-40 000 kr for. Om du ender opp i det øvre eller nedre sjiktet kjem blant anna på kor raskt tannstillinga endrer seg og dermed på kor mange gangar ho må inn for å etterstramme.
Det er også mogleg å ha tannregulering som ikkje vises, då snakker vi fort om ein omtrent dobling av prisen.
Om det berre er snakk om eit enkelt mellomrom så kan det være mogleg å få til ein litt lågare pris ettersom det då ikkje er nødvendig med full tannregulering.
Det kan også være at dette kan behandlast utan tannregulering. Mellomrom mellom tennene kan fyllast igjen eller skjulast med fasettar. Tannfasetter koster opp mot 5000 kr, det billegaste er å bruke fyllmasse som koster rundt 2000 kr.

Det beste rådet er derfor å innhente pristilbod frå fleire aktuelle tannlegar. Prisen vil variere litt utfrå lokale forhold, der lønnsnivå og husleigeprisane avgjer kor mykje tannlegen kan presse ned prisen, og ikkje minst vil prisen variere mykje frå pasient til pasient.

 

Som personleg anekdote så vil eg legge til at nytten av tannregulering ikkje nødvendigvis er veldig stor. Då eg hadde tannregulering i ung alder så opplevde eg at effekten var kortvarig og at tennene gjekk gradvis tilbake etter at eg var ferdig med tannreguleringa. Deretter så ordna tennene seg igjen når eg var fullt utvokst.
Eg nemner dette fordi at dersom dette er reint kosmetisk så bør ein også vurdere sannsynlegheita for at tannstillinga kan ordne seg når ho er fullt utvokst. Det er ikkje så mange år til at ho med høg sannsynlegheit får visdomstenner, disse skal også ha plass i kjeven og vil kunne bidra til at mellomroma mellom tennene blir mindre.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...