Gå til innhold
Spørsmål om hus eller oppussing? Still spørsmål her! ×
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Alternativ til etasjeskilje i ny driftsbygning


Anbefalte innlegg

Me er i ein veldig tidleg fase av å planleggje ny driftsbygning. Per i dag har me ei gammal løe frå 30-talet, og denne har sine manglar og upraktiske løysingar, pluss at forfallet (og såleis vedlikehaldskostnadane) begynner å merkast godt.

Noverande løe har ei grunnflate på rett i underkant av 200 m2 (cirka 15 m x 13 m) og to etasjar (eller to og ein halv viss ein reknar med ein gammal møkkakjellar). Av ymse grunnar så ynskjer me ikkje noko større grunnflate på ny driftsbygning, så me vil verte avhengige av å kunne bruke både fyrste og andre etasje til oppbevaring av køyretøy.

I noverande løe er der to garasjar nede, der me har bilane me brukar til dagleg. Oppe har traktoren stått, saman med ein snøskuter, ein del traktorreiskapar og ein tilhengjar. No har me kjøpt ny og større traktor, så den er det ikkje lenger plass til oppe (eller nede, for den del). Dessutan måtte me uansett slutte å parkere traktoren oppe sidan golvet begynte å rotne. Det dreg inn ein del snø og væte når ein brukar traktoren til brøyting heile vinteren.

Ideelt så ser eg føre meg ei ny driftsbygning med tilsvarande løysing som i dag, altså at me har to garasjar nede til bilane, samt plass til traktor og anna oppe. Då må sjølvsagt etasjeskilja vere dimensjonera for dette. Slik eg ser det så har me tre alternativ:

1) Byggje alt i tre (slik som det er i dag, berre meir solid utføring).
2) Bruke etasjeskilje i betongelement/hòldekkje, med enten tre- eller stålbjelkar til å halde det oppe.
3) Byggje fyrste etasje og etasjeskilja i betong, og andre etasje i tre.

Alternativ 1 er vel det enklaste og billegaste, men det eg ser på som minst aktuelt. For det fyrste så vil me framleis ha problematikken med mykje væte som kjem inn, slik at eg er redd me vil få problem etter nokon år. For det andre så slit det mykje på treverket å køyre inn og ut med ein tung traktor med kjettingar.

Alternativ 3 er vel det klårt mest solide, men eg vil tru det òg er det klårt dyraste? Dessutan ynskjer me ikkje den utvendige estetikken ein vil få med murveggar i fyrste etasje og treveggar i andre etasje.

Så var det alternativ 2. Per i dag ser eg vel på dette som det mest attraktive, så sant det vil verte solid nok og det vil gå greitt å unngå fuktskadar.

Det beste hadde vore å unngå bereveggar utanom ytterveggane, slik at me kan begynne med ei open løysing i både fyrste og andre etasje, og så byggje skiljeveggar etter kvart som me ser behovet for fleire rom.

Det skal òg seiast at me ynskjer å halde budsjettet for dette prosjektet så lågt som mogeleg utan at det går for mykje ut over kvaliteten. Me ynskjer trass alt eit bygg som skal vare i ein del år. Smile

Nokon innspel/tankar i høve til dette?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

13 meters spenn med betonggulv gir en stor belastning og jeg tror absolutt betong, støpt eller blokker, er kostnadseffektivt i første etasje. Det tåler stor kraft i kompresjon og er holdbart. Jeg vet ikke hva som må til for å bære traktor etc, men gulvet blir fort godt over 100 tonn og mye dyrere enn veggene under.

Lenke til kommentar
mobile999 skrev (På 7.8.2024 den 8:41 PM):

Få det tunge ned i nederste etasje. Bygg helst en separat dobbel garasje til bilene.

Det hadde nok vore det optimale, men det eg har ikkje plass på tunet til nokon separat garasje/carport.

mobile999 skrev (På 7.8.2024 den 8:41 PM):

Bygger du ny driftsbygning over 120 m2 tror jeg det er krav om et branndeteksjonsanlegg som koster ganske mye.

Sjølv om det ikkje skal vere dyr der? Eg burde kanskje ikkje kalla det "driftsbygning", det er meir ein garasje med mykje lagringsplass det er snakk om.

Mag ne skrev (9 timer siden):

Det var til ts som ønsket helt åpent rom. 

Helst det, ja, men eg er open for ei eller anna form for bereveggar i fyrste etasje viss det er det som må til for å få dette til å fungere.

Lenke til kommentar
Garegaupa skrev (1 time siden):

Sjølv om det ikkje skal vere dyr der?

Da hadde det nok vært krav om brannslukningsanlegg.

Du klarer ikke å definere deg bort fra at det er en driftsbygning.

Vedr. estetikken. Det er mulig å kle murvegger med trepanel.

Kan jeg få se nærmere på stedet (på kart)? Send evt. pm med adresse eller gård/bruks nr. og kommune.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...