Gå til innhold

OpenAI vurderer vannmerking av AI-generert tekst


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Her er eg delt i meininga mi. Å kunne spore opp kva som er AI generert tekst er nyttig informasjon for alt frå lærarar som skal oppdage juksing, til oppdragsgivarar som vil kvalitetssjekke om dei har fått det produktet dei har leigd inn ein skribent for å utarbeide.

Samtidig så vil slik merking av AI generert tekst fjerne mykje av hensikta med dette verktøyet. Eg er redd for at slik meerking vil særleg slå negativt ut for dei som bruker AI generert tekst på ein seriøs og fagleg god måte, altså dei som bruker mykje tid på å gi rette innputten og deretter mykje tid til å korrekturlese for å passe på at kvaliteten på det ferdige produktet held god nok standard.

Eg tenker at det kokar veldig ned i korleis dette blir løyst reint teknisk. Kor lett er det å omgå slik merking med å skrive om? Kor tydeleg blir dette vassmerket? Er det slik at det går klart fram av teksta at den er AI generert eller krever det spesialisert software for å leite etter vassmerket?
Om vassmerket blir omtrent slik som det er på mange printere der det er vassmerke som ikkje er mogleg å oppdage med det blotte auget, men som gir ein unik ID som ein kan gå til produsenten for å få kopla opp mot eit serienummer, som ein deretter kan gå til forhandlaren for å knytte opp mot ein kjøpar, så tenker eg at dette er mindre problematisk enn dersom vassmerket blir veldig synleg.

Eg antek likevel at dette AI vassmerket er i praksis usynleg (kanskje det er ein fast regel for talet på bokstavar mellom kvart punktum eller liknande språklege reglar som teksta fyller), slik at ein uansett må ta teksta som ein mistenker er generert ved hjelp av AI gjennom eit anna verktøy for å analysere teksta. I så tilfelle så tenker eg at det er akseptabelt. Sjølv i dag med ganske gode AI genererte tekster så er det relativt lett å peike ut tekst som virker mistenkeleg AI generert.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...