Gå til innhold

Svært useriøse arbeidsgivere i vaskefirma


Gjest a1908...773

Anbefalte innlegg

Gjest a1908...773 skrev (16 timer siden):

Åssen kan jeg bare ordne det selv når ikke jeg vet hvordan nøkkelen ser ut til der jeg skal vaske? Når nøklene hentes i ett skap med flere nøkler. 

I tillegg vet jeg ikke hvem jeg jobber for heller så jeg får ikke anledning til å spørre vedkommende om nøklene.

Og det er heller ikke lett for den jeg skal jobbe for å gi meg beskjed og sende bilde av nøkler når ikke sjefene har begynt å skaffe vikar før den dagen de tar ferie 🙈

Arbeidstilsynet kan berre ta tak i saker som skuldast brot på lov eller forskrift. Altså forhold som at arbeidsavtalen har ulovlege vilkår, at du manglar verneutstyr, har for mange arbeidstimar, får ikkje pause, får ikkje lønna du skal ha, osv. 
Måten arbeidet blir organisert og utført på er i utgangspunktet ein intern sak mellom arbeidsgivar og arbeidstakar.

I ditt tilfelle så har du ein sak angåande utbetaling av feriepengar, men så lenge du får feriepengane utbetalt sjølv om det er for seint så er det lite arbeidstilsynet kan gjere reint praktisk utanom å gi arbeidsgivar ein peikefinger på korleis det skal være. Eit brev frå arbeidstilsynet vil nok i liten grad bidra til å rydde opp i det som er ditt problem.

Det som er viktig for deg å gjere er å sette deg nøye inn i kva som er avtalt i arbeidsavtalen, deretter kva som finnes av arbeidsreglement og rutiner. Du vil vanlegvis ikkje ha rett til å få dekt kostnader til pendling og parkering (det er likevel rettspraksis på at endra arbeidsstad som ligg meir enn 30 km unna er ein så vesentleg endring av arbeidet at det krever samtykke frå arbeidstakaren, eller at ein må ha ei endringsoppseiing der ein avtalar nye vilkår).

Det sagt så er det fint mogleg å gjere nye avtalar i slike tilfeller der arbeidsgivar har behov for ein vikar på kort varsel. Det vil nok ikkje være urimeleg å seie ja til ekstraarbeidet på vilkår om at du får dekt reisekostnadar, og at du starter å skrive timar frå oppmøte på din vanlege arbeidsplass slik at du får betalt for reisetida. Du treng ikkje nødvendigvis å takke ja til å ta på deg ekstraarbeidet på vanlege lønnsvilkår.
Merk at det også finnes tilfeller der arbeidsgivar kan kreve at du stiller opp, som når det på grunn av uføresette hendingar er fare for skade på eigedom. Vanleg sjukdom på den einaste reinhaldaren er dog ikkje uføresett.

 

Og til slutt så vil eg legge til at det er også avgrensa kor mykje av det praktiske du skal bry deg om.
Etter at du har sagt ja til å ta på deg denne ekstra vaskejobben, og du har informert om at du manglar nøkkel, så har du gjort din del. Ditt ansvar vidare er å møte opp til avtalt tid og gjere jobben. Er døra låst slik at du ikkje får gjort noko produktivt så er det eigentleg arbeidsgivar sitt problem, du har oppfylt din del av arbeidsforpliktinga ved å stille din tid til disposisjon.
Dersom du får delegert jobben med å finne ut kven som har nøkkel og deretter reise for å hente nøkkelen (samt tilbakelevering) så er dette pålagt arbeid som du klart er arbeidstid, og som du då skal ha betalt for.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...