Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Spiste pølser fra i fjor som har ligget i fryseren, kan jeg bli syk?


Anbefalte innlegg

torbjornen skrev (14 timer siden):

Eg er einig i dette. I tillegg er det viktig å skilje mellom "best før - ofte god etter" og "siste forbruksdag". Varer merka "siste forbruksdag" bør ikkje frysast ned eller etast (med mindre dei har vore fryst) etter at datoen er gått ut. Likevel skal det mykje til å bli sjuk, og eg har ete servelat eller skinke ein månad etter at datoen gjekk ut. Legg ein slikt i frysen i god tid før det går ut på dato vil dei derimot halde seg i årevis.

Mogleg dette blir litt off-topic, men er det nokon som kan svare på kvifor det mellom anna på juicekartongen står at open juicepakke er holdbar 5 dagar i kjøleskap når ein på den andre sida er så opptatt av "best før - ofte god etter"?
Når melka er god etter fem dagar i open kartong så skal det mykje til at eplejuicen har blitt dårlig på disse dagene?
Ein opna juicekartong har fin kvalitet også fleire veker etter opning, spesielt juicekartongar med skrutopp som har vært oppbevart i kjøleskap.
For meg virker det som at matbransjen på den eine sida er opptatt av at folk ikkje skal sjå seg blinde på datomerkinga og kaste heilt fin mat, men på den andre sida så blir ein lengre nede på kartongen oppfordra til å slå ut appelsinjuicen etter fem dagar. Kvar ligg logikken der?

Eg synes det er flott at matvareprodusentane merker både holdbarheit både til uopna og opna forpakning, men har reagert på at ein del matvarer har etter mitt syn oppgitt ekstremt kort holdbarheit i opna forpakning.

 

Litt meir On-Topic for trådens emne.

Ser at MatPrat som er opplysningskontoret for egg og kjøtt har ein eigen artikkel for holdbarheit på frossent kjøtt. Også der reagerer eg på særdeles kort oppbevaringstid.
Til dømes finn eg i den tabellen at myndigheitene oppgir nedfrosne pølser til å ha 3 månedars haldbarheit i frysar.
Kyllingkjøttdeig berre 2 månedar medan vanleg kjøttdeig er oppgitt til 4 månedar.
Lengst holdbarheit er storfekjøtt som i følgje tabellen kan frysast i 10-12 månedar.

Min påstand er at det må vel være noko gale med til dømes kjøttdeigen om den startar å smake vondt alt etter fire månadars nedfrysing?
Dei fleste slike kjøttvarer er jo både trygge og har god smak meir enn eit år seinare, i alle fall så lenge det er godt innpakka og ikkje har surna før nedfrysing.

Forstår ikkje heilt korleis myndigheitene jobbar såpass mykje for at folk skal sjå, lukte og smake på mat før dei kastar den, og deretter gir nesten heilt motsatt råd i andre kanalar.

 

marsipan86 skrev (14 timer siden):

Hva med kjøttdeig? Har hørt litt forskjellig om det. Blandt annet at siden det er hakket opp så kan det være bakterier selv om det har ligget i fryseren. Jeg skjønner ikke helt, det har vært i fryseren siden før utløpsdatoen...

Kjøttdeig har kortare holdbarheit enn heile kjøttstykker, dette fordi at bakteriane startar på overflata så der det på eit kjøttstykke tek lang tid før bakterier på overflata trenger inn i kjøttet, så vil det i kjøttdeig være slik at eventuelle bakteriar frå overflata på kjøttstykket har blitt blanda inn i kjøttdeigen under kverninga.

Under frysing så vil også bakteriane bli fryst slik at også eventuell bakterievest vil stoppe opp.

Som nemnt over så oppgir MatPrat holdbarheita til fryst kjøttdeig til 4 månadar medan reint kjøtt kan frysast i eit år. Sjølv om eg er ueinig i dette rådet så er eg einig i at kjøttdeig lettare kan harskne ettersom kjøttdeig har langt høgare fettinnhold enn reine kjøttstykker.

torbjornen skrev (14 timer siden):

Ein vil vel iallefall drepe dei fleste bakteriane.

Steiking drep bakteriane, men det som er farleg er giftstoffa som bakteriane legg igjen. Drep ein bakteriane ved steiking så vil ein stoppe produksjonen av nye giftstoff men ein vil ikkje få fjerna dei giftstoffa som alt er i maten.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
The Avatar skrev (31 minutter siden):

Mogleg dette blir litt off-topic, men er det nokon som kan svare på kvifor det mellom anna på juicekartongen står at open juicepakke er holdbar 5 dagar i kjøleskap når ein på den andre sida er så opptatt av "best før - ofte god etter"?
Når melka er god etter fem dagar i open kartong så skal det mykje til at eplejuicen har blitt dårlig på disse dagene?

Det er fordi det da kommer inn luft som juicen kan reagere på, noe lenger så er det bare å lukte om alt er ok.

Melk har forøvrig fått mye bedre holdbarhet enn når jeg var mindre. Da tålte den ikke mange dagene etter datoen i kjøleskapet før det var klumper. Jeg drikker ikke melk, men bruker noe i matlaging, og har hatt melken over 1 måned etter best før datoen, inkludert at den har vært åpnet, uten at det har vært noe problemer med å bruke den. Lukter helt normalt.

Kjøtt har jeg startet å vakumpakke før jeg fryser ned. Holder seg mye bedre over tid i fryseren. Mange frysere har lappe eller annet på fryseren som sier hvor lenge det forskjellige kjøtttypen kan ligge nedfryst. Vakumpakking forlenger den tiden 5-6 ganger sies det. Har merket at kjøttet er mindre tørt selv når det har ligget lenge i frysern etter at jeg startet med det.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...