Gå til innhold

Burde politiet ta samtalepriser for ordinære telefon samtaler?


Anbefalte innlegg

Skrevet (endret)

Fant dette bildet på politets hjemmeside:

image.thumb.png.09a4757d0f2a2d39c11f056abdcfa85d.png

Spørsmålet da er, skal en kreve samtalepriser for samtale med politiet? I så fall, hvor mye bør ting koste? Skal en gi forstyrrelse-gebyr for samtaler som forstyrrer samtale-strøm, og hvem burde avgjøre dette? Hvor nyttig må samtalen være, og hva slags innhold må samtalen ha, for at en skal få redusert pris eller kanskje få gratis samtale?

 

 

Endret av lainos
Lenke til kommentar
  • lainos endret tittelen til Burde politiet ta samtalepriser for ordinære telefon samtaler?
Videoannonse
Annonse

Det er vel i dag ytterst få abonnement som betalar for å ringe. Så at det er vanleg pris for å ringe 02800 betyr i praksis ingenting. Einaste konsekvensen av at det er vanleg pris å ringe 02800 er at dersom du har kontantkort eller liknande så kan du risikerer at samtalen brytes om du går tomt for pengar på kortet.

Sjølve nødnummeret må vel være gratis for at det skal være mogleg å ringe nødnummeret også utan SIM-kort i telefonen, men så vidt eg veit så gjeld dette berre nødnummeret. Så sjølv om det hadde vært gratis å ringe 02800 så må ein ha eit aktivt abonnement for å kunne ringe.

 

Om eg forstår spørsmålet til trådstarer rett så er det her spørsmål om nødnummeret bør fortsette å være gratis, eller om det bør koste pengar for å redusere talet på unødige oppringingar?
Mitt syn er at nødnummeret bør være gratis å ringe, også for dei som har kontantkort eller på anna måte betalar per minutt. Viktigaste grunnen til det bør være gratis er at det i enkelte situasjonar er nødvendig å halde linja open i lang tid, og da bør det berre være færrast moglege hinder for dette. Til dømes så kan ein få ein langvarig gisselsituasjon der det er nyttig for politiet å holde linja open i mange timar for å kunne lytte til kva som foregår i rommet sjølv om innringaren sjølv ikkje kan prate.

Ved misbruk av nødnummeret så bør ein bruke vanlege straffereaksjonar med bøter og i verste fall fengsel ved reint misbruk.
Ei løysing som skissert der det kostar pengar å ringe nødnummeret og skal operatøren etter samtalen vurdere om samtalen var nyttig nok til at du skal få prisavslag eller gratis oppringing høyres veldig tungvindt ut.

 

Ein av dei viktigaste grunnane til at politiet får mange unødige anrop er at alle telefonar har satt opp slik at det er veldig enkelt å ringe 112. Ein treng som nemnt ikkje SIM-kort for å ringe nødnummeret, og dersom telefonen er låst så kan ein fortsatt ringe 112 utan å låse opp telefonen. Dette gjer nødnummeret enkelt tilgjengeleg, men det gjer sjølvsagt at små barn som får tak i ein mobiltelefon lett kan aktivere nødnummeret, og i tillegg så kan ein få problem med lommeringing til 112 sjølv om telefonen er låst. Så mange av dei unødvendige anropa kan ein eliminere dersom ein er villig til å endre krava til kor enkelt det skal være å ringe nødnummeret.

Før når alle betalte tellerskritt så var politiet plaga med at enkelte som hadde tomt kontantkort ringte til 112 fordi det var einaste nummeret dei kunne ringe utan pengar på kontantkortet. Då vart nødnummeret misbrukt til alt frå å spørre om politiet kunne ringe ein namngitt person og be dei ringe til innringaren med tomt kontantkort, be om å få bestilt taxi heim frå byen, eller alt mulig anna tull som ikkje nødnummeret er meint å brukast til. I dag tviler eg på at det er særleg mange slike telefonar som politiet mottek.

Her tenker eg at den litt særnorske ordning med tre nødnummer er ein stor fordel. Ettersom nesten alt av unødige telefonar kjem til politiet så betyr det at dei to andre nødnummera 113 og 110 stort sett har ledig kapasitet og kort ventetid. Og utan at eg har gode data for det så vil eg tru at dei mest livskritiske situasjonane oftast gjeld sjukdom og ulykker slik at det hastar mest med å varsle ambulanse og brannvesen. Ikkje at politiet ikkje er ute og redder liv, til dømes i voldssituasjonar men eg vil nok gjette på at det er veldig mange fleire som til ei kvar tid er i livsfare på grunn av ulykker og sjukdom enn på grunn av kriminell aktivitet.

Lenke til kommentar
32 minutes ago, The Avatar said:

Ein av dei viktigaste grunnane til at politiet får mange unødige anrop er at alle telefonar har satt opp slik at det er veldig enkelt å ringe 112. Ein treng som nemnt ikkje SIM-kort for å ringe nødnummeret, og dersom telefonen er låst så kan ein fortsatt ringe 112 utan å låse opp telefonen. Dette gjer nødnummeret enkelt tilgjengeleg, men det gjer sjølvsagt at små barn som får tak i ein mobiltelefon lett kan aktivere nødnummeret, og i tillegg så kan ein få problem med lommeringing til 112 sjølv om telefonen er låst. Så mange av dei unødvendige anropa kan ein eliminere dersom ein er villig til å endre krava til kor enkelt det skal være å ringe nødnummeret.

Og hvis man ringer et nødnummer ved en feil så ikke bare legg på. La det ringe og forklar at du "lommeringte" eller slo nummeret ved et uhell på annen måte.

  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...