The Avatar Skrevet 2. april Del Skrevet 2. april GP950mAh skrev (18 timer siden): Russiske vernepliktige har vist seg å være verdiløse i krig, intet mer enn kanonføde for Putin som ikke er i stand til å stå imot soldater med lengre trening og bedre kompetanse som behøves i moderne militære og kriger. Dette har meir med måten Russland bruker sine vernepliktige på, og mindre med om det er vernepliktige eller ikkje. Når ein sender vernepliktige rett i strid med minimalt med trening, og taktikken attpåtil er på høgde med "spring mot fienden til du blir skutt" så seier det seg sjølv at dei vernepliktige ikkje utgjer ein stor militær kapasitet. Å basere seg på vernepliktige blir aldri like bra som å basere seg på yrkessoldatar, men bruk av vernepliktige handlar om å kunne mobilisere eit stort antall soldatar på ein relativt rimeleg måte. I tillegg så handlar det om å ha militære strategier som er tilpassa kapasitetane til soldatane utifrå den opplæringa dei har fått. Dei fleste soldatane som russiske vernepliktige møter er ikkje ukrainske yrkessoldatar, det er vernepliktige på den sidan også. Forskjellen på måloppnåing og tap av soldatar har mykje meir med strategien å gjere. Skal ein lykkast med vernepliktige soldatar så er det viktig å utnytte det dei frå før er gode til. Ikkje alle treng å springe rundt i skogen i ein krig, nokon må også være droneførarar, jobbe med logistikk/transport, og liknande. freedomseeker skrev (18 timer siden): Vedr tråden så var det tidligere vanlig at de som nektet å delta på sesjon måtte jobbe i det sivile på en lav lønn, eller i ytterst konsekvens fikk en fengselsstraff. Dette ble avviklet pga internasjonalt press, det er meget rart at man velger å innføre noe som er minst like inngripende. Forskjellen ligg i måten det vart innført på. Ordninga som vi før hadde i Norge med sivilteneste der ein gjennomførte samfunnsnyttige arbeidsoppgåver som alternativ til militærteneste var basert på at det skulle være eit alternativ for dei som av ulike grunnar ikkje ville inn i militæret. Den lave lønna som dei som var i sivilteneste fekk var akkurat den same lønna (eller rettare sagt dagpengane) som dei som avtente militær verneplikt fekk. At siviltenesten vart avskaffa var ei reint poltisk avgjersle. Det som vart slutt på etter internasjonalt press var at dei som både nekta militær og sivilteneste vart tvungne til open soning der dei måtte utføre sivilt pliktarbeid. Etter internasjonalt press så gjekk ein over til å i staden straffeforfølge militærnektarar på vanleg måte og idømme fengselsstraff. Det å i det heile tatt tilby sivilteneste som eit alternativ til militærteneste var meint som eit tilbod for dei som var pasifistar eller som av andre grunnar ikkje ville ha miltær opplæring. Ein kunne heilt fint latt være å ha eit alternativt tilbod ved å i staden fengsle alle som ikkje møtte opp til fyrstegongstenesta. Det som er feil med dagens fyrstegongsteneste (og datidens sivilteneste) er at det uansett ikkje gjeld alle. Det er derfor eit vesentleg del av urettferdigheit rundt dei som gjennomfører sin verneplikt og taper eit år medan dei andre jamnaldrande kjem seg eit år lengre på yrkeskarrieren gjennom å utdanne seg eller jobbe det året andre er inne i fyrstegongstenesta. At lønna er dårleg i fyrstegongstenesten er eg berre delvis einig i. Ja den burde vært betre, men kor mykje ein taper på eit år i fyrstegongstenesta kjem nok også mykje ann på kva ein hadde fått til å spare opp dersom ein var i vanleg jobb. For i utgangspunktet har ein 0 utgifter i fyrstegongstenesta, så det er ingenting som ein må bruke pengar på. Etter 12 månadar så får ein ca 40 000 kr utbetalt i dimmepengar, og ein har i tillegg fått ca 200 kr per dag. Dersom ein har vært flink å spare så kan ein forlate fyrstegongstenesta med litt over 100 000 kr i oppsparte midler, så mykje er det nok få yrkesaktive 19 åringar som klarer å spare opp. Heilt ferskt i dag er forresten nyheita om at Regjeringa går inn for å styrke fyrstegongstenesta med å igjen ta inn 50% av ungdomskulla https://www.nrk.no/innlandet/vil-oke-antall-vernepliktige-med-50-prosent-1.16826789 1 Lenke til kommentar
Gjest Slettet-ZwZXKsIXQp Skrevet 2. april Del Skrevet 2. april GP950mAh skrev (38 minutter siden): God planlegging er verdiløst om soldatene ikke klarer å gjennomføre planen. Russland er mer hierakisk, der har Norge og vestlige land en fordel. Problemet med verneplikten er at de ikke får jevnlig trening og øvelser og mange har ikke tatt i et våpen siden de fullførte førstegangstjenesten, de vil ende i kjøttkverna i en krig og ikke bidra til annet enn å øke dødstallene. Stor forskjell mellom norske og russiske vernepliktige, særlig hvis kampene pågår på egen jord vs i nabolandet. I Norge deltar alle lag av befolkningen og fra alle deler av landet. I Russland henter man ressurser fra utkantstrøk og fra fengsler. Lav formell kompetanse og mangelfull IQ er nøkkelord…. Lenke til kommentar
GP950mAh Skrevet 2. april Del Skrevet 2. april Inspector skrev (2 timer siden): Stor forskjell mellom norske og russiske vernepliktige, særlig hvis kampene pågår på egen jord vs i nabolandet. I Norge deltar alle lag av befolkningen og fra alle deler av landet. I Russland henter man ressurser fra utkantstrøk og fra fengsler. Lav formell kompetanse og mangelfull IQ er nøkkelord…. Norske vernepliktige er ikke mye bedre. Mange har ikke fått øvelser og ikke tatt i noe våpen siden de var ferdige med førstegangstjenesten. Forsvaret selv sier de trenger vervede soldater som kan blo værende over flere år og bygge opp kompetanse og få jevnlig trening. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå