Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Foreldelse - byggesak


Gjest caade...c47

Anbefalte innlegg

Gjest caade...c47

Ved å google foreldelse av brudd på plan og bygningsloven, så forstår jeg det slik at dette ikke foreldes. Gjelder dette også dersom kommunen blir informert om eller på annen måte oppdager brudd, men ikke foretar seg noe? Kan de etter for eksempel 20 år komme tilbake til saken, og kreve endringer?

Anonymous poster hash: caade...c47

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ulovlegheiter skal følgast opp av kommunen, og det at kommunen ikkje har prioritert det gir ingen garanti for at det ikkje kan blir krav om å rette opp manglane seinare.

Det som var lovleg bygd opprinneleg men som i dag ikkje oppfyller krava er likevel "freda" så lenge det ikkje blir gjort endringar frå det som er originalt. (Det er nokre unntak for det som gjeld brannsikkerheit som har tilbakevirkande kraft, som til dømes at det i alle tilfeller er krav om røykvarslar i bustad uavhengig av om bustaden vart bygd i 1890 eller 2015).
Dersom det blir gjort endringar av ei viss størrelse så får ein fort krav om å oppgradere til dagens standard.

Dette kravet om å oppgradere til dagens bygningslov er det ofte er største risikoen ved å ha avdekte ulovlegheiter. Har du ei ulovlegheit som vart avdekt i 2004 så er det i dag ikkje godt nok å rette opp avviket til 2004-nivå, då må det oppgraderast til 2024 nivå. Det blir derfor ofte dyrare og dyrare jo lengre ein ventar før kommunen bestemmer seg for å kreve retting.

Realistisk sett så skal det likevel mykje til for at kommunen kjem med krav om retting etter så lang tid. Vart det ikkje tatt tak i då avviket vart oppdaga så er det nok ikkje prioritert heller i dag. Største praktiske utfordringa er at det gamle avviket kan få ny aktualitet dersom du søker om å gjere bygningsendringar slik at det blir oppretta ny byggesak. Då kan du fort få krav om at du også må rette gamle avvik før du får ferdigattest på det nye arbeidet.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...