Gå til innhold

Alternativ for å kople to PC-ar til same skjerm, tastatur og mus


Anbefalte innlegg

På heimekontoret så har eg per i dag ein kraftig stasjonær PC med USB-tastatur, USB-mus og 32" Samsung Odyssey G7-skjerm.

No er eg i ferd med å byte arbeidsplass, og kjem såleis til å sitje mykje på heimekontor frametter. Som ny arbeids-PC har eg fått ein Microsoft Surface Pro 6. Snerten sak å reise rundt med, men alt for liten for dagleg arbeid. Difor ynskjer eg å kunne bruke tastatur, mus og skjerm som eg allereie har opp mot Surface-en, og å kunne byte enkelt mellom heime-PC og arbeids-PC.

Slik eg ser det så har eg to mogelegheiter:

  1. Ein KVM-switch der eg koplar til både skjerm, tastatur og mus.
  2. Ein enklare switch der eg berre koplar til tastatur og mus, og så brukar ein av dei ledige portane på skjermen (den har 2 x DP og 1 x HDMI) til å kople til arbeids-PC-en.

Viss eg skal gå for løysing nummer 1 så vil eg ha ei løysing som gjer at eg får utnytta det fulle potensialet i G7-en, altså 2560x1440@240 Hz. Slike veks ikkje akkurat på tre, så langt eg kan forstå.

Eg har funne ein så langt som eg meiner skal fungere: https://www.connectpro.com/products/udp-12ap-displayport-1-4-kvm-switch-for-single-monitors-and-2-systems

Dyr som berre rakkaren, men ny arbeidsgjevar har sagt at dei planlegg med å kjøpe inn ei heimekontorpakke til dei som jobbar mykje heimanfrå (innhaldet i denne pakka er enno ikkje heilt avgjort), så sluttsummen for dei vert fort mindre på denne måten uansett.

Likevel, viss det vil fungere like bra (eller betre) å berre kople dei to PC-ane rett i skjermen og så ha ein billegare og enklare sak for mus og tastatur så kan eg like godt gjere dette.

Kva slags løysing ville folket her ha gått for?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Er å bruke RDP inn til jobbmaskina di et enkelt alternativ?

Det er det jeg gjør. Jobblaptopen står påskrudd i et hjørne, kobla til hjemmenettet. Så benytter jeg bare vanlig, innebygd RDP til den og gjør all jobb fra min stasjonære PC. På den måten kan jeg enkelt benytte mus/tastatur/skjermer

 

image.png.8c0eafe6839af288a9a0698c8b61108b.png

Med "use all my monitors" huka av så kan jeg også benytte alle skjermene jeg har.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Kvm er et helvete. 
 

Slik jeg gjør det er at jeg kobler enheten til forskjellige innganger på skjermen.

For tastatur og mus bruker jeg en enkel usb switch til 199,- som jeg bytter manuelt med en knapp. Funker enkelt og billig.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Har to billige ebay KVMer. Fungerer helt fint. 

USB og HDMI fra hver PC til KVM. Koble skjerm, mus og tastatur til KVM.

 

Har også brukt Barrier. Software KVM, men du må ha to skjermer. Fungerer også meget bra. Prøvde med 3 skjermer og 3 PCer, ett sett med mus og tastatur. 

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Takk for alle innspel så langt! :grin:

Wheeljack skrev (8 timer siden):

Er å bruke RDP inn til jobbmaskina di et enkelt alternativ?

Det hadde eg ikkje tenkt på som ei mogelegheit, men no skal eg sanneleg sjå på det. Takk for tipset! :woot:

scuderia skrev (8 timer siden):

Kvm er et helvete. 
 

Slik jeg gjør det er at jeg kobler enheten til forskjellige innganger på skjermen.

For tastatur og mus bruker jeg en enkel usb switch til 199,- som jeg bytter manuelt med en knapp. Funker enkelt og billig.

OK, greitt å vite at du har dårlege erfaringar med KVM. Viss det er eit generelt problem så er det eit godt argument for å sjå på alternative løysingar.

Lenke til kommentar

Har bare gode erfaringer med KVM switcher, både billige fra ebay og dyrere fra Amazon. Personlig bruker jeg en skjerm med innebygd KVM. Da kobler jeg 4 USB enheter til skjermen, så kobler jeg laptopen til med USB-C og desktopen til skjermen med USB-A til USB-B samt enten HDMI eller DisplayPort for bilde. Så bruker jeg bare knappen på skjermen til å switche mellom de to. Fungerer ypperlig synes jeg. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Jeg har nå hatt to skjermer med innebygget kvm switcher og det har fungert ypperlig! Så ingen dårlige erfaringer med innebygget kvm Switch her heller. Begge skjermene har fungert på samme måte som han over her, lader også laptopen med usb c kabelen. Jeg har i tillegg kjøpt en ekstra usb hub (med ekstern strøm), som er koblet inn i skjermen, slik at jeg har 7 usb uttak som fungerer med kvm switchen (mus, tastatur, webcam, dac/amp, mikrofon, ladekabel). 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
  • 2 måneder senere...

Takk for mange gode innspel i denne tråden! :thumbup:

Eg (eller rettare sagt arbeidsgjevar) endte til slutt opp med å kjøpe denne her:

https://noerdic.no/products/cable-matters-kvm-svitsj-2-til-1-displayport-1-4-8k60hz-4k120hz-3xusb3-0-med-5gbps

Det har fungera som fjell så langt! Uproblematisk veksling mellom heime-PC og arbeids-PC, og på heime-PC-en har eg 2560x1440@240 Hz og VSync. Greitt med den vesle fjernkontrollen til å veksle mellom PC-ane òg.

Skulle eg pirke på noko så hadde det vore greitt med meir enn tre integrera USB-portar, samt gjerne inn- og utgangar for lyd. Men det er pirk, eg er veldig godt nøgd. :grin: Endå ein gong takk for hjelpa!

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...