Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Usaklig oppsigelse i prøvetiden


Anbefalte innlegg

Tesla1856 skrev (12 timer siden):

Det er egentlig ikke sånn i det hele tatt. Jeg må nok gjenta dette her i det unedelige, "Jeg har ikke blitt ansatt kun for å jobbe på det sikkerhetsprosjektet". Det finnes sånne kontrakter, de kalles prosjektansettelse. Jeg ser de stadig vekk på finn.no. Jeg ble dog fast ansatt i firmaet for å jobbe på alle prosjekter. Jeg hadde aldri gått med på å kun jobbe for et prosjekt. Så de kan ha tenkt at jeg skal på det prosjektet, men det er ikke mitt problem. En annen fyr i bedriften ble ikke sikkerhetsklarert fordi han skaffet seg russisk kjæreste, bør de fortelle han og at han må stikke?

Det som saken er at arbeidsgivaren din har nok hatt nokre forventningar til kva dei skal bruke deg til som ikkje er heilt like det som dei har anonnsert etter. 
Arbeidsgivar kunne lyst ut ei prosjektstilling, men då hadde dei fått færre søkarar og færre kandidatar å velge mellom. For dei aller fleste arbeidssøkande så er det mykje meir attraktivt med ei fast stilling. Det er eigentleg det du også sjølv seier, hadde denne stilling blitt lyst ut som prosjektstilling så hadde du ikkje søkt.

Når du no ikkje lenger er sikkerheitsklarert så har arbeidsgivaren din fått eit problem. For sjølv om stillinga di ikkje skulle være låst til prosjekt som krevde klarering så er det tydelegvis berre slike arbeidsoppgåver dei har tilgjengelege akkurat no. Sidan dei ikkje har satt sikkerheitsklarering som eit stillingskrav så er dei profesjonelle nok til å forstå at dei ikkje kan seie deg opp sjølv om dei ikkje har så mykje fornuftige oppgåver å sette deg til.

Kva som er arbeidsgivars motivasjon for dette blir berre spekulasjonar, men det kan være alt frå at dei akkurat no ikkje har så mykje arbeidsoppgåver til deg men dei jobbar med å finne oppgåver som du kan få ansvar for. Eller det kan være at dei bevist ikkje gi deg faglege utfordringar i håp om du kjeder deg så mykje på jobb at du sjølv bestemmer deg for å seie opp.

Du har også heilt rett i at det ikkje er ditt problem at arbeidsgivar ikkje har satt sikkerheitsklarering som eit krav, og det er strengt tatt også grunnen til at du ikkje har fått ei oppseiing. Det er likevel du som må kjenne på konsekvensane av at du ikkje får jobbe med dei spennande prosjekta og må ta til takke med meir kjedelege arbeidsoppgåver som du både vil kjede deg med, og som på sikt vil føre til at din ingeniørkompetanse rotnar vekk ettersom du i liten grad får holde deg fagleg oppdatert.

 

For meg framstår det som at arbeidsgivaren din er både rederleg og seriøs. Ein mindre seriøs arbeidsgivar hadde gitt deg sparken på bakgrunn av at du mista sikkerheitsklareringa sjølv om det ikkje var satt som eit formelt krav for stillinga.
Det er likevel mykje av deg å forvente at du skal få spennande prosjektoppgåver likevel om firmaet i all hovudsak jobbar med prosjekt som krev sikkerheitsklarering.
Du har fortsatt ein fast jobb, og du vil nok også fortsette å ha fast jobb i firmaet. Utfordringa for deg er at det er lite arbeidsoppgåver til deg.

Det er akkurat som i mange andre jobbar der køyring mellom ulike lokasjonar er ein del av jobben men utan at det er satt eksplisitt krav om førarkort til stillinga. Om ein då mister sertifikatet så kan ikkje arbeidsgivar seie deg opp, men samtidig blir det mindre arbeid å utøfre om ein ikkje får reist ut ditt arbeidsoppgåvene faktisk er.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...