Gå til innhold

Regjeringen vil øke pensjonsalderen


Anbefalte innlegg

kremt skrev (4 timer siden):

Det er jo merkelig at det ikke skal holde å jobbe i 50 år, fra man er 18 til 68. Man må fortsatt legge inn noen år. Ved 67-70 år er det faktisk ganske mange som ikke har igjen mer enn 10-12 år. 

Eg trur nok at ein stor del av den offentlege debatten må være å definere kva pensjonstilværelsen skal være.

Frå gamalt av så vart pensjonsalderen satt slik at minst halvparten av arbeidstakarane skulle leve lenge nok til å gå av med pensjon, og under halvparten skulle døy som yrkesaktive. I takt med veldig gode tider, så har stadig fleire fått forventning om at om dei berre held ut til til ein blir 67 år så ein ta ut full pensjon, ha fri heile dagen, og være ved god helse slik at ein kan spare mykje av opplevingane til alderdommen, og dermed bruke pensjonstida til å reise jorda rundt, starte med segling, gå på fjellet, osv, osv.
Det er ikkje høgd i stein at det skal være ei rettigheit å ha så mange gode år igjen som pensjonist, for skal ein være djevelens advokat i den samanhengen så er det jo rimeleg å påpeike at dersom du som pensjonist er frisk og sterk nok til å delta i politikken, pusse opp hytta, eller køyre på bilferie, ja då har du også arbeidskapasitet igjen som like gjerne kunne blitt brukt til lønna arbeid.

Vi står nok ovanfor eit vegskille der vi må definere kva som er målet. Eg trur nok at dei fleste har forventningar om at pensjonstilværelsen skal være ei påskjønning etter eit langt arbeidsliv, og ikkje berre ei ordning slik at du skal ha råd til å seie opp jobben når helsa blir så dårleg at du reint fysisk ikkje klarer å gjere jobben din.
Slik som eg ser det så må vi enten velge mellom å ha ein høg pensjonsalder, der det er stor fare for at du har få gode år igjen, men der du får ei relativt god pensjonsutbetaling sjølv om du ikkje er i jobb lenger.
Eller så kan vi ha ein låg pensjonsalder der ein får pensjonere seg medan ein fortsatt er frisk og sprek, men då vil vi ikkje ha råd til å betale ut særleg mykje i pensjon.

Realistisk sett så trur eg nok mesteparten av befolkninga ynskjer det sistnemte, altså å få moglegheita til å starte å ta ut pensjon tidleg, også om det betyr at det blir mindre pengar å få. Ei låg pensjonsutbetaling kan nok til ei viss grad kompanserast med å gjere det lettare å ta på seg småjobbar og små deltidsstillingar.
Personleg så trur eg at eg vil foretrekke å pensjonere meg relativt tidleg, om eg får lov til å jobbe berre litt. Det er greit å ha nokre rutiner der ein kjenner på at ein er til nytte, men det er samtidig greit å sleppe å bruke 40 timar på kontoret, 10 timar i veka tenker eg er meir passeleg. Akkurat nok til å få jobbe litt, men ikkje så mykje at eg ikkje får utføre andre ting som eg vil bruke tida mi på.

  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...