Gå til innhold

Helseplattformen - en IT-skandale


Anbefalte innlegg

  • 4 måneder senere...
Videoannonse
Annonse

Største overraskelsen er vel eigentleg at Riksrevisjonen berre slår inn opne dører utan å vise til kva som konkret skulle vært gjort annaleis i arbeidet med å planlegge, organisere og innføre helseplattformen.

Det vises til at det har oppstått svakheiter i arbeidet, men beviset for at arbeidet er svakt er at Riksrevisjonen påstår ei rekke ting som kan skje. Blant anna at kostnadane kan føre til at helseforetaket får mindre økonomisk spelerom til å gjere vurderingar.
Utanom at innføringa har blitt dyrare enn antatt så har ikkje Riksrevisjonen konkrete saker å vise til, som eksempel på dødsfall eller andre alvorlege konsekvensar som følgjer av innføringa av helseplattformen.

Det at Riksrevisjonens anbefalingar til helse og omsorgsdepartementet er at dei må følgje opp at helseplattformen bidreg tilå nå helsepolitiske mål, og at det skal stimulerast til ytterlegare samordning og samarbeid mellom Helse Midt-Norge og dei andre helseregionane, er etter mitt syn berre vis-vass prat.

 

Det å kritisere pengebruken er sjølvsagt lavthengande frukt for Riksrevisjonen, det eg er mest overraska over er at Riksrevisjonen ikkje har sagt noko om at pengebruken har vært vekkasta. Slik som eg les rapporten så går kritikken mest i retning av at budsjetteringa burde vært betre slik at sluttrekninga ikkje kom som ei overrasking.

 

Etter mitt syn så burde kritikken i langt større grad vært retta mot beslutningstakarane.
Heilt overordna så er det to store manglar i arbeidet med innføring av helseplattforma.
1. Leiinga har mangla bestillingskompetanse, og ein har rått slukt salgsargumentet om at med helseplattforma så skulle alle helseopplysningar kunne registrerast med eit museklikk. Det har i alt for liten grad vært vurdert om dette har vært realistisk, og ein har satt alt for lite krav til leverandøren, heriblant retten til å halde tilbake heile eller delar av betalinga fram til systemet er innført og fungerer slik som ein har blitt lovd. At ein betalar fullpris til ein leverandør som berre har levert eit halvferdig produkt høyrer sjølvsagt ingen stad heime.
2. Leiinga har fullstendig gløymt at brukaropplæringa ikkje berre skal være kva knappar ein trykker på for å gjere ulike ting i systemet. Den viktigaste brukaropplæringa i eitkvart system er korleis ein skal jobbe for å få mest mogleg ut av funksjonaliteten til det nye programmet. Om brukarane prøver å jobbe på gamlemåten i det nye systemet så er det ikkje rart at det oppleves som både fustrerande og ueffektivt. Ofte er det planlagt at mesteparten av gevinsten med det nye systemet skal realiserast ved å bruke systemet til å jobbe smartare. Det nytter ikkje å irritere seg at du ikkje finn knappen for å printe ut brevet slik at du får satt på frimerke og lagt det i postkassa når systemet er konstruert for at brevet automatisk skal bli sendt digitalt så fort ein er ferdig med saka.

 

Når kontorarbeidsplassane ellers i samfunnet innførte Teams og skylagring, så var det vel openbart at dei tilsette også måtte endre måten dei jobbar på for å kunne bruke det nye systemet rett?
Skylagring er ein veldig effektiv måte å gjere at fleire personar kan jobbe i same dokument i sanntid, både frå kontoret og frå andre stadar. Men om ein insisterer på å jobbe på gamlemåten og laster ned det som ligger i skya for å jobbe med dokumentet lokalt, og deretter laster dokumentet tilbake til skya og då overskriver dei endringane som kollegaen gjorde dagen før, så er det ikkje rart at ein blir forbanna og meiner at det nye systemet berre lagar krøll og ekstraarbeid.

Feilen som helseforetaket har gjort er at ein ikkje har starta med å gi opplæring i korleis arbeidsflyten skal være i framtida. I staden har ein kjøpt eit dyrt system, gitt grunnleggande opplæring i korleis ein navigerer i brukergrensesnittet, og kryssa fingrane og håpa på at dei tilsette sjølv skal finne ut av kva som er den mest effektive måten å jobbe på.

 

  • Liker 2
  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...
Duriello skrev (10 timer siden):

For øvrig, kan være interessant å se hvem som har styreverv i Helseplattformen a/s og styret i Helse Midtnorge. 🫣🫣

Om det er overlappande verv så er ikkje det så rart ettersom Helseplattformen AS er eit firma som er oppretta og eigd av Helse midtnorge og kommunene som har valgt å kjøpe seg inn.

Berre det at det er nødvendig å kjøpe seg inn i eit aksjeselskap for å få lov til å kjøpe nytt dataverktøy burde vel føre til at det ringer nokre alarmklokker. Det er ikkje ei vanleg løysing, det er ingen helseforetak som har måtte kjøpe aksjer i Microsoft for å kunne bruke Office pakken.

Det finnes sikkert gode grunnar til at det er fornuftig med eit aksjeselskap, men det er i alle fall grunn til å stille spørsmål om kvifor det er nødvendig.
Eg kan ikkje sjå for meg anna enn at dette er ei overføring av ansvar. Ved normalt innkjøp av eit datasystem så ville partane vært helseforetaket som brukar og Epic Systems som programutviklar. No er det vel Epic Systems som har solgt lisensen til Helseplattformen AS, og så er det ein avtale mellom helseforetaket og Helseplattformen AS om å ta i bruk systemet. Det gjer at det er Helseplattformen AS som må stå ansvarleg for alle feil og manglar, og ikkje utviklaren.
Er Helseplattformen AS eit aksjeslskap som er oppretta for å kunne slå selskapet konkurs for å på den måten fristille seg frå alle reklamasjonskrava?

Lenke til kommentar
On 12.12.2023 at 5:20 PM, Guest Slettet-ZwZXKsIXQp said:

Jeg har lenge hevdet at introverte it-nerder mangler vesentlig kompetanse innen brukervennlighet, prosesskunnskap, pedagogikk, kvalitetssikring og kommunikasjon med brukernivået.

Det er vanligvis ikke it-nerdene som er problemet, men de lange kommunikasjonslinjene. Ledere med hjelp av konsulenter skrive mangelfulle oppdragsbeskrivelser som sendes videre til utviklere i et annet land uten kunnskap om lokale forhold eller nærhet til de brukerne som skal ta systemene i bruk. Det er først mange år senere når fotfolket skal ta det i bruk at alle problemene oppdages. Da venter mange nye år med feilretting og endringer i systemene. 

  • Liker 4
  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Her er et eksempel på hvordan styret i Helse Midt BURDE ha gjort det:

https://www.nrk.no/ostfold/apper-sparer-ansatte-for-en-time-hver-dag-1.17102650

Jada, jeg skjønner at det ikke er det samme, men det er mer konseptet jeg tenker på. En oppgave/app av gangen, der appene snakker med hverandre, og det er brukerne selv som kommer og ber om apper, og kommer med forslag til hvordan gjøre ting, endringer osv.

Ansatte sparer altså 1 time pr ARBEIDSDAG, i motsetning til HP, der man bruker mye lenger tid på ting. IT er til for å effektivisere, ikke bruke lenger tid på ting.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...