Gå til innhold
Spørsmål om hus eller oppussing? Still spørsmål her! ×

Kan jeg montere badekar selv når rørlegger har lagt klar opplegg?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Du kan gjere slikt arbeid sjølv så lenge det er i eiga leilegheit. Så om røyrleggaren har laga til uttaket så kan du kople til blandebatteri.

Det er eit krav at arbeidet skal utførast fagmessig, så sjølv om dette arbeidet ikkje er spesielt komplisert så bør du la være om du er heilt grønn på slikt praktisk arbeid.
Det som er greit på eit slikt bad med sluk i golvet er at sjølv om du skulle tabbe deg ut så vil ei vannlekkasje få liten konsekvens sidan vatnet går i sluket.

I forhold til forsikringsselskap og tilstandsvurdering ved vidaresalg så er det viktig at du dokumenterer at jobben er gjort skikkeleg. Ta bilde undervegs i monteringa og ta vare på produktdokumentasjonen på produkta du brukar. Og skal du dukumentere skikkeleg godt så skriv du ein liten tekst som beskriv korleis du har utført arbeidet.

 

Det som kan bli spørsmål om i ettertid i samband med eit forsikringsoppgjer etter ei vasslekkasje eller i forhold til tilstandsvurderinga ved boligsalg er at du kan bli møtt med påstand om at arbeidet er feil utført. I slike tilfeller er det veldig greit at du kan legge fram dokumentasjon på at du har brukt godkjente produkt og at du har skrudd godt til koplingane og passa på at det er brukt gjengetape eller pakning i koplingane.

Reint praktisk så skal det mykje til for at nokon vil etterspørre slik dokumentasjon frå deg på mindre tiltak som montering av blandebatteri. Og i alle fall om det ikkje er openbart at arbeidet ikkje er fagmessig utført, som til dømes at det er skeivt, lekker, eller du har montert blandebatteriet opp ned.

  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar
The Avatar skrev (14 minutter siden):

Det er eit krav at arbeidet skal utførast fagmessig, så sjølv om dette arbeidet ikkje er spesielt komplisert så bør du la være om du er heilt grønn på slikt praktisk arbeid.

Helt grønn er jo relativt. Jeg har ikke montert noe badekar før, men er nå rundt middels praktisk anlagt og har nå gjort litt mer enn å bare montere IKEA-møbler. Takk for utfyllende innlegg. Tror jeg satser på å prøve selv på dette.

Lenke til kommentar
Kakkelfant skrev (3 timer siden):

Er vel kommet noen regler om dokumentasjon i slike tilfeller, hvor verdien kan synke om man ikke kan dokumentere fagmessig utført arbeide?

Ja det er viktig med dokumentasjon, og særleg om ein ikkje har nytta fagarbeidarar til arbeidet.
Men det er ikkje eit krav å dokumentere kvalifikasjonane til dei som har utført arbeidet, det som skal dokumenterast er utføringa av arbeidet.

I samband med tilstandsvurderering av bustaden så blir det eigentleg motsett bevisbyrde der det er du som huseigar som må bevise ovanfor takstmannen at det er gjort skikkeleg arbeid. Utan dokumentasjon så får ein automatisk dårleg karakter og dermed lågare teknisk verdi.

Ein av tinga som må dokumenterast er produktdeklarasjonen på mellom anna blandebatteriet, i denne dokumentasjon frå produsent skal det framgå opplysningar om kvalitet/varigheit, at blandebatteriet er godkjent for kontakt med næringsmiddel (drikkevatn), at blandebatteriet er sikra mot fare for skålding, osv.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...