Gjest 3148f...626 Skrevet 2. juli 2023 Del Skrevet 2. juli 2023 Dreier seg om arbeidstid over 8 timer i butikk. Pga sykdom er vi bare to på jobb, og en er låst til kasse. Da påstås det at vi ikke kan ta matpause fordi det da ikke vil være noen ute i butikken til å hjelpe kunder. Jeg mener dette er brudd på lov, tariff og arbeidsavtale. I de to sistnevnte står det uttrykkelig at det skal være 30 min pause, med videre henvisning til aml 10-9. Ordlyden der åpner kun for forskyving, og regulerer ikke hva som ev. skal skje dersom man pålegges å jobbe. Da mener jeg det ikke finnes adgang til å pålegge arbeid i pausen. Er det noen som vet det er en riktig forståelse? Klarer ikke å finne noe klart svar ved å google, eller hos arbeidstilsynet Anonymous poster hash: 3148f...626 Lenke til kommentar
Medlem Skrevet 2. juli 2023 Del Skrevet 2. juli 2023 Lunsj og andre pauser i arbeidstiden Kan du ta pauser i løpet av arbeidsdagen, og har du rett til betalt lunsj? I denne artikkelen får du en oversikt over arbeidsmiljølovens regler om pauser https://lovdata.no/artikkel/lunsj_og_andre_pauser_i_arbeidstiden/3673 Lenke til kommentar
The Avatar Skrevet 5. juli 2023 Del Skrevet 5. juli 2023 Så vidt eg kan sjå så er det ingen standarisert løysing på dette. Pausene kan delast opp i fleire små pauser, arbeidstilsynet meiner at minst 20 min av pausetida må være matpause. Så er dykk to på jobb så kan ein passe kassa og den andre kan ta ei lita pause på bakrommet. Sidan den som har pause ikkje kan forlate arbeidsplassen i tilfelle det er behov for å avbryte pausa så skal pausetida være betalt. Argumentet til at det til ei kvar tid må være ein person i kassa og ein person ute i butikklokalet for å hjelpe kundar, samtidig som det er forventa at butikken skal kunne oppretthalde dette servicetilbodet med berre to tilsette er litt svakt. Om ein kunde som treng hjelp må gå bort til kassa for å spørre eller vil måtte leite sjølv i butikken i maks 30 min burde ikkje være noko stor krise. Her er det arbeidsgivars skyhøge forventing til service-nivå sjølv med for liten arbeidskapasitet som er problemet. Det er jo mange butikkar som i heile eller delar av arbeidstida klarer seg med berre ein tilsett i kassa. Om arbeidsgiver tenker at ein tapar så mykje på å ikkje tilby alle kundane hjelp til ei kvar tid og ikkje kan akseptere ein halvtime utan ein tilsett ute i butikken, ja då bør det kanskje lønne seg å tilsette ein person til? Arbeidsmiljøloven opnar for å forskyve pausa når det er forhold som gjer det nødvendig, om det er nødvendig i dette tilfellet blir eit vurderingsspørsmål. Eg reknar med at du med 8 timars arbeidsdag har ein standard arbeidsavtale om arbeidstid på 7,5 time pluss 0,5 timar med ubetalt matpause? Om du då må jobbe i 8 heile timar fordi du ikkje får ta den ubetalte pausen din så vil den einaste fornuftige måten å ordne det på være at du fører den siste halvtimen som overtidsarbeid sidan du då har blitt pålagt å jobbe 30 min lengre enn avtalt arbeidstid. Eg tviler på at arbeidstilsynet vil opne for at ei slik pause kan forskyvast til etter arbeidsdagen. Den naturlege forståinga av å forskyve pausen er at dersom du ikkje får ta matpause kl 12 så kan det være akseptabelt at du i staden får ta matpause kl 13. Ei løysing der du er på jobb frå 8-16, og så tar ei forskyvd og ubetalt matpause fram til kl 16.30 vil sjølvsagt være berre tull. Sjølv om eg ikkje kan forstå anna enn at det forsatt vil være brot på AML å ikkje ha pause før etter arbeidsdagens slutt, så kan eit relevant kompromiss være at du gjer avtale om at fordi du må være i jobb i alle 8 timane, og så tek du ei fiktiv matpause på 30 min etter arbeidstida så skriv du opp 7,5 time arbeidstid, pluss 0,5 timar overtid for å ha jobba gjennom ordinær matpause tid, og til slutt ein ny 0,5 t for å ha tatt matpausen som då skal være betalt etter ordinær arbeidstid. Dette er nok ei sak som det er aktuelt å klage inn til arbeidstilsynet, for uavhengig av det som står spesifikt om pauser så vil ein total mangel på pauser være eit brot på arbeidsgivars plikt til å sikre eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø, og til å iverksette nødvendige tiltak der arbeidsmiljøet ikkje er i samsvar med krava. 1 Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå