Gå til innhold

Er tilbudt lagerjobb, hva bør jeg kreve i lønn


Gjest 740b0...5c6

Anbefalte innlegg

Gjest 740b0...5c6

Er blitt tilbudt en lagerjobb med arbeidstid 8-16, men de vil jeg skal komme med forslag om hva jeg vil ha i lønn. Hva bør jeg evt kreve ?  

Anonymous poster hash: 740b0...5c6

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
Gjest 740b0...5c6

Har over 25 år erfaring , har truckførerbevis og skal bruke truck i jobben. Tjener rundt 42 000 i mnd nå men skal ikke ha noe ansvar.

Anonymous poster hash: 740b0...5c6

Lenke til kommentar

Kva som er rett lønnsnivå er basert på ei totalvurdering.

Eg tenker at det er fornuftig å ta utgangspunkt i at du ikkje skal tape på å bytte jobb, så det generelle rådet er at du som minimum må kreve dagens lønn pluss det du taper på at du sannsynlegvis mister eit år med lønnsforhandling ettersom det er vanleg at den som sluttar ikkje blir får ekstra lønn frå tidlegare arbeidsgivar, og at den nye arbeidsgivaren seier at du har forhandla lønn ved å forhandle om startlønna.
Merk at dette er eit generelt råd som eigentleg berre gjeld når du byttar relativt likt, altså at den gamle og den nye jobben er ganske like.

Det som kompliserer meir i dette tilfellet er at du byttar vekk fagleg- eller personalansvar. Å prissette kva som er akseptabel lønnsnedgang for å sleppe dette ansvaret er vanskeleg, og er spesielt avhengig av kor stort ansvaret du har hatt har vært. Vil legge til at det er ganske vanleg å bli forfremma på arbeidsplassen til å få litt meir ansvar utan at dette nødvendigvis avspeiler seg i særleg grad i lønna. Så dersom du i førre jobben berre hadde ansvar på lågaste nivå så er det ikkje sikkert du skal tenke på lønna di som "leiarlønn", så då er det fort aktuelt å kreve ei lønn som er minst på høgde med den du hadde.

Andre ting som brukar å komplisere spørsmålet om lønn er kva du må ha i lønn for at det skal lønne seg for deg heilt personleg. Dette med pendlartid og pendlarkostnadar er typiske forhold som ikkje eigentleg har relevans for lønnsniåvet sidan arbeidsgjevar ikkje kan forventast å ta omsyn til kvar i verden du har valgt å busette deg, men det er ein del av totalvurderinga som du bør gjere deg. Kor mykje mindre i lønn kan du være villig til å akseptere for å spare 30 min per dag i reisetid, og omvendt, kor mykje meir i lønn ville du krevd for at det skulle være greit å ta ein jobb som kvar dag legg beslag på 30 min ekstra av din fritid?

 

Med 42 000 i månaden så ligg du litt under gjennomsnittslønna, jmf lenka over til oversikta basert på SSB sine tal. Med 25 års erfaring så betyr vel det at du er i slutten av førtiåra. Med andre ord er du ganske nøyaktig halvvegs i yrkeslivet så då er gjennomsnittslønna eit ganske godt utgangspunkt for kva du bør ha i lønn.
Merk at i SSB-tala så har ein tatt med alt som står på lønnsslippen, så også overtidsarbeid og kveldstillegg for dei lagerarbeidarane som jobbar med skiftarbeid er tatt med i den statistikken. Så med rein 8-16 jobb utan særleg med overtidstimar så kan det være at snittlønna objektivt sett er litt urealistisk høg for å kunne samanlikne seg med direkte.

Eit anna forhold som har stor betydning for lønna er kvar i landet denne jobben er, lønnsnivået kan variere svært mykje ulike stadar i landet basert på tilgangen på kvalifisert arbeidskraft og til ei viss grad dei lokale levekostnadane.

For ein som har vært så lenge i yrkeslivet som deg så er nok ikkje tarifflønna så relevant, men kan for ordens skuld opplyse om at garantilønna for ein lagerarbeidar med minst 5 års ansiennitet er på 233 kr timen, og 256,30 kr for arbeidande formenn.
Som arbeidar med relevant fagbrev skal du etter tariffen ha 9,50 kr ekstra per time, og som truckførar skal du ha eit tillegg på 65 kr per veke for truck over 2 tonn og løftehøgde på 4 meter, og 105 kr pr veke for truck over 10 tonn.
Så omrekna betyr det at dersom du skal ha tarifflønn som arbeidar med fagbrev, utan ansvar og med det minste truck tillegget, så gir det ei garantilønn på 39 688 kr i månaden.

Sidan du har vesentleg meir enn 5 års erfaring frå yrket så tenker at det ikkje er for mykje forlangt å kreve at du beheld lønnsnivået ditt frå den førre jobben sjølv om du no har mindre ansvar.

 

Og eit siste praktisk råd. Om dette er ein organisert arbeidsplass med tariffavtale og dermed også ein tillitsvalgt på arbeidsplassen så kan det være lurt å ta kontakt med den tillitsvalgte for å be om informasjon om det generelle lønnsnivået i bedrifta, og kanskje særleg kva som er lønnsnivået på nivået over deg sidan det i praksis er vanskeleg å få til ein avtale der du får meir lønn enn leiaren din.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...