Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Fjerning av valgkomitemedlemmer


pierce007

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Så da er ‘nødløsningen’ å innkalle til ekstraordinær generalforsamling med avsetting av valgkomitemedlem som eneste punkt på agendaen(?) Høres drastisk ut men for dere som sitter i det så går det ikke an å ignorere denne personen og så ha det på agendaen for årsmøtet?

Det er dessverre ikke en ukjent problemstilling i frivillige organisasjoner at enkelte sliter med å holde en profesjonell tone/oppførsel.

Lenke til kommentar

Valgkomitéen bestemmer i fellesskap hvordan den skal organisere og utføre arbeidet sitt. Man kan be valgkomitéens leder om å (foreslå for komitéen å) frata dette komitémedlemmet adgangen til å henvende seg til styremedlemmer i offisiell kapasitet. Medlemmet vil fortsatt kunne sjikanere styret, men uten komitéens tyngde. Komitéen kan også bestemme at henvendelser til nåværende og potensielle styremedlemmer skal skje samlet i en form og med et innhold som er bestemt av komitéen i fellesskap. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Vi er en forening med 6 regioner. 

I den nasjonale valgkomiteen sitter alle ledere av de regionale valgkomiteene, dvs 6 medlemmer.

Det er da leder av denne nasjonale valgkomiteen som har ytret seg litt vel mye. 

Styreleder i en av regionene har krevd at vedkommende må fjernes/trekke seg. 

I foreningen har vi et arbeidsutvalg (som sammen med daglig leder drifter foreningen), som er et ledd under landsstyre. Dette arbeidsutvalget har i samråd med styreleder av regionen bedt at leder av valgkomiteen trekker seg/bes fjernet.  Arbeidsutvalget som tok kontakt, og ba leder av valgkomiteen om å trekke seg.

Usikker hvor mye resten av den nasjonale valgkomiteen kjenner til saken. 

Lenke til kommentar

Det er ikkje så lett å svare på dette då det er veldig avhengig av kva som foreninga har av vedtekter, instruksar og reglar, samt den generelle organiseringa. Mange organisasjonar har eigne arbeidsinstruksar som instruerer korleis ein valkomite skal utføre sitt arbeid. Det er også vanleg å ha nokre grunnreglar for korleis personar som er valde til eit verv skal oppføre seg i dette vervet.
Så ein aktuell måte å jobbe vidare med denne saka på kan være å sjekke om ein kan påvise at denne personen har brote konkrete reglar i organisasjonen. Har vedkommande brote slike reglar så vil det også ofte stå noko der om kva som skal skje om nokon oppfører seg dårleg.

Prinsippet er at det er det organet som har valgt/utpeikt personen til eit verv som også har myndigheita til å omgjere dette valget. I dei fleste organisasjonar så er det årsmøtet som velger valgkomiteen og då er det berre årsmøtet som kan avsette eller endre på dette.
Det er enkelte organisasjonar der det er styret som sjølv utnemner valkomiteen utan at årsmøtet har vært innvolvert, eller fordi styret har fått denne oppgåva delegert gjennom eit årsmøtevedtak. I slike tilfeller vil styret også kunne utpeike nokon andre.

Det er heller ikkje gitt at leiaren av valkomiteen kan trekke seg utan at det blir vald ein ny leiar. Eit årsmøte kan i liten grad tvinge ein person til å gjennomfører jobben som ligg til vervet, men formelt sett så er det ofte slik at ein blir valgt for ei periode og innehar dette vervet gjennom heile perioden.

 

Til slutt vil eg legge til at veldig mykje er også veldig avhengig av kva som reint faktisk har blitt sagt og gjort. Det vil heilt klart ligge innunder arbeidsoppgåvene til ein valkomite å stille litt tøffe spørsmål til kandidatar som er på gjenval for å sjekke ut at dei fortsatt har motivasjonen og arbeidskapasiteten til å gjere jobben på ein best mogleg måte. Ein valkomite som berre stryk katten med håra og som ikkje tørr å utfordre styret vil ikkje gjere jobben sin som valkomite.
Samtidig så skal ein huske på at sjikane også kan være direkte ulovleg etter straffelovens bestemmelse om hensynsløs adferd, eller andre paragrafar alt etter innholdet og måten sjikaneringa har skjedd på.

Dette kan også være ei god anledning til å melde inn behov for å førebygge slik oppførsel som ei sak til neste årsmøte. Sjælv om slike situasjonar ofte oppstår på grunn av personlegheita til enkeltpersonar så hadde det vært ryddig å få på plass nokre retningslinjer for valkomiteens arbeid i framtida, eller kanskje til og med foreslå å kutte ut heile valkomiteen. Å ha ein valkomite er ikkje ei plikt, det er berre ein metode som dei fleste organisasjonar brukar for jobbe med å rekruttere gode styremedlemmar på. Det finnes også organisasjonar som ikkje har valkomite men som i staden baserer seg på at medlemmane sjølv tek ei aktive rolle og melder sitt kandidatur til ulike vern, og så foretar årsmøtet eit val basert på innkomne kandidatar. Dette fungerer ikkje hos alle organisasjonar for det er nok ei samfunnstrend at det blir færre og færre som ønsker å ta på seg verv, så ofte må ein ha ein valkomite for å sikre at ein i det minste får på plass kandidatar som årsmøtet kan klappe inn med akklamasjon. Har ein mange fleire som er interessert i å sitte i styret enn ein har ledige plassar så treng ein strengt tatt ikkje ein valkomite ettersom årsmøtet uansett har nok kandidatar å stemme over. Det er likevel ein del organisasjonar som har valkomite likevel for å sikre at innstillinga til eit nytt styre består av personar som er motiverte, dyktige og samarbeidsvillige i tillegg til å utgjere ein god balanse med tanke på kjønn, alder, regionstilhøyrligheit, osv.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...