Gå til innhold

Avis: Teslas fjerning av radarer skal ha ødelagt for selvkjøringsmuligheter


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Elon Musk sin tanke om at hvorfor skal ikke bilene kunne kjøre selv med mange øyne, når vi klarer oss med to, er ikke så dum den. Men det har vel med hjernen som tolker synsinntrykket, og regn, snø og søle i øynene å gjøre.
Er det én ting vi vet, så er det at elektronikk blir bare mindre, bedre og billigere hele tiden. Så jeg er mer for å pøse på med sensorer, kamera og radar og gjerne lidar! Om få år er slikt knøttlite og billig! Så om ikke Tesla monterer alt idag, så er det kanskje lurt å forberede bilene for det allerede nå...
Å prøve å klare seg med minst mulig er nok ikke veien å gå hvis man sikter etter minst mulig hendelser.

Endret av ozone
Lenke til kommentar

Dei seier vel seg sjølv at utan andre sensorar enn kamera så gir det utfordringar for muligheita til sjølvkøyring? 
I teorien er det nok fint mulig å berre bruke kamera på same måte som av vi bruker augene til å identifisere ting i trafikken, men skal ein få til alt det som eit menneske er i stand til å registrere og vurdere med berre kamera så krev det mykje meir av oppløysing, reine kameralinser og programering. Sikkerheita er også betre ivaretatt om det blir samla inn data frå fleire kjelder. Om det berre er kameraet som skal oppdage hindringar så er det ikkje overraskande at ein får fleire fantombremsingar enn om ein har eit system der både kamera, lidar og ultralydsensorane må være einige om at det er ei fysisk hindring.

Når ein uansett ikkje klarer å levere det som er lovt så forstår eg veldig godt at ein kuttar ut dyre sensorar som ikkje har gjer særleg mykje meir enn å auke produksjonskostnaden.
For dei som jobbar med sjølvkøyring så er det omtrent kroken på døra for deira prosjekt om bilane sluttar å bli levert med nødvendig hardware. Det kan være mogleg å få til eit system som berre baserer seg på kamera, men det blir som å rykke tilbake til start når ein ikkje har andre sensorar å støtte seg på i tillegg.

Eit anna moment er jo dette med ansvars- og erstatningsrett. Det er langt mindre risiko å levere ein bil med køyreassistanse som ikkje bremser sjølv fordi det skal sitte ein førar klar til å bremse om nødvendig, enn det er å levere ein bil som kan finne på å feiltolke tørt lauv som ei fysisk hindring og som reagerer med å bråbremse og dermed skaper farlege situasjonar.
Jo meir bilen er i stand til å gjere sjølv basert på programering, jo større fare er det for at bilprodusenten kan haldast ansvarleg om teknikken ikkje fungerte som den skulle.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...