Gå til innhold

Våpenhvileavtale i Ukraina, innhold


Gjest Slettet-ZwZXKsIXQp

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Det har nok blitt tenkt på moglege løysingar heilt sidan krigen starta, sjølv om det ikkje har blitt snakka særleg mykje om det.

At Ukraina kan ende opp med å måtte gi opp areal har nok heile tida vært eit av mange alternativ som ein har sett på. Det som er nytt no er vel at det å gi slepp på ukrainske områder har blitt presentert saman med ein konkret ukrainsk fordel, og ikkje berre som eit alternativ til å la Russland vinne krigen.
Tidleg i krigen så vart det også snakka om kor langt Ukraina skulle få presse tilbake med vestleg våpenstøtte. Ukrainarane sjølv har vært tydelege på at dei også ville ta tilbake Krimhalvøya, medan vesten har ynskja å halde tilbake på å donere våpen med lang rekkevidde for å prøve å hindre at krigen eskalerer.

Eg forstår godt at det ikkje er eit ynskja resultat, men eg er likevel einig i at dette kan være ei mogleg løysing krigen skal avsluttast på anna måte enn at ein av partane må overgi seg.
Det er nok alt for tidleg å snakke særleg mykje om dette som eit reelt fredsalternativ, men at litt avhengig av kor mange år med øydeleggingar og tap av liv ein ser for seg at krigen vil måtte fortsette for at ein av sidene skal overgi seg så er dette eit fredsforslag som er relativt nøytralt. Skulle Ukraina og Russland bli einige om dette forslaget så vil Ukraina sjølvsagt tape landområder, men det dei vil tene er NATO medlemsskap med dei sikkerheitsgarantiane som følgjer med slik at Russland ikkje kan fortsette å presse Ukraina. Og for Russland sin del så vil dei tjene på å få større landområder, men det dei vil tape er på ein slik avtale er moglegheita for å oppnå den overordna målsettinga som var å få kontroll på Kyiv for å få på plass ei russisk-venleg regjering som kunne styre Ukraina som ein sovjet-stat.

 

Om eg skal driste meg til å sjå i krystallkula så trur eg nok at med mindre krigen snur veldig eller den ender opp med å foregå i lang lang tid, så vil nok alternativet der Ukraina gir slepp på landområder berre kunne være akseptabelt dersom disse områda (og då reknar eg med at ein sikter mot Luhansk og Donetsk) blir oppretta som ein reelt ny stat som ikkje er verken direkte eller indirekte styrt av Russland. Å få eit nytt land i Luhansk og Donetsk regionane som kjem til å fungere som eit nytt Belarus er nok ganske uaktuelt.
Eit kompromiss der Russland får utvide sin grense inn i Ukraina vil nok ligge svært langt fram i tid før det i det heile tatt kan vurderast som akseptabelt av Ukraina.

 

Dersom det skal være mogleg å oppnå freds- eller våpenkvileavtale så må begge sider svelge kamelar, og akkurat no er det ingen av partane som er villige til å vike ein millimeter så då finnes det ikkje grunnlag for forhandlingar. Så lenge ukrainarane har både framgang og håp om ytterlegare framgang så vil nok ikkje krigen nødvendigvis ta slutt sjølv om Ukraina igjen får tatt tilbake kontrollen på Luhansk, Donetsk og Krim, det vil nok utvilsomt også kome krav om at Russland må betale krigsskadeerstatning.

Lenke til kommentar
Gjest Slettet-ZwZXKsIXQp
Inspector skrev (På 16.8.2023 den 7.42):

Det er tegn på at det foregår tankevirksomhet på bakrommet:

https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/8JKwzr/ekspert-om-ukraina-utspill-kan-vaere-et-nytt-signal

«Prøveballonger» for å lodde stemningen er en god metode for å myke opp forhandlingsviljen.
Krigen bør uansett ikke få lov til å fortsette i det uendelige.

«Prøveballongen» fikk i hvert fall reaksjoner. Både stabssjefen og Stoltenberg måtte ut og nyansere/presisere. Ukraina kom på banen og fordømte hele tankegangen. Russland tok det til inntekt for sitt avvikende verdensbilde:  https://www.tv2.no/nyheter/utenriks/stoltenberg-svarer-etter-ukraina-uttalelse/15966424/

I etterkant er det åpenbart at forhandlingsvilje fortsatt er fraværende og at konflikten vil bestå.
Ny «prøveballong» kan først forventes når partene har mistet mange flere soldater og ødelagt infrastruktur for enda flere milliarder i en stillestående krig.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...