toby1 Skrevet 3. februar 2023 Del Skrevet 3. februar 2023 (endret) Jeg har fagbrev som tømrer men føler jeg har lyst til å utforske nye karrieremuligheter der jeg stiller sterkt med fagbrev som tømrer. Noen forslag til hva det kan være? Takk for svar:) Endret 3. februar 2023 av toby1 Ny tittel Lenke til kommentar
iknutis Skrevet 3. februar 2023 Del Skrevet 3. februar 2023 Byggingeniør Takstmann Konsulent innen byggledelse (Feks for HRP) 1 Lenke til kommentar
Svein M Skrevet 3. februar 2023 Del Skrevet 3. februar 2023 Byggevare salg/butikk 1 Lenke til kommentar
The Avatar Skrevet 6. februar 2023 Del Skrevet 6. februar 2023 Kva er det du vil jobbe med? Og kor langt frå tømrarfaget er det du ønsker å utforske? Med fagbrev (av alle typar) så er du kvalifisert til mange praktiske jobbar. Du kan jobbe med drift og vedlikehold av bygg, enten som utførande (vaktmester) eller som kontorjobb med ansvar for å følge opp vedlikeholdsbehov i ei bygningsmasse. Brannmann er sjølvsagt også ein karriereveg som kan være aktuell, dei fleste brannvesen stiller krav om fagbrev pluss fysiske krav for å få jobb. Eit anna stort område er innafor salg om du har interesse for det, jobb i byggvarebutikk er nemnt men det kan også være aktuelt å sjå på salg hos eit forsikringsselskap som tilbyr husforsikring eller ein boligbygger som selg hus til bygging. Ein anna veg å gå om det kan være aktuelt med vidareutdanning er å ta faglærerutdanning i yrkesfag, denne utdanninga bygger seg på at ein har relevant fagbrev og minst to års yrkeserfaring før ein går vidare og tek blant anna pedagogikk slik at ein kan undervise. Og når vi fyrst er inne på vidareutdanning så er det sjølvsagt alltid ei muligheit å ta ingeniørutdanning, enten treårig bachelor gjennom y-veg ordninga, eller via teknisk fagskule som er eit toårig utdanningsløp. 1 Lenke til kommentar
toby1 Skrevet 6. februar 2023 Forfatter Del Skrevet 6. februar 2023 Tror jeg skal prøve meg som stillasmontør. Noen som vet ca. Hva lærlinglønna ligger på? Lenke til kommentar
The Avatar Skrevet 7. februar 2023 Del Skrevet 7. februar 2023 Lærlinglønna ligg på eit snitt av 50% av fagarbeidarlønn, vanlegvis fordelt på ein stige der ein startar med 30% når ein er heilt fersk og sluttar med 80% når ein er nesten ferdig med lærlingtida. Stillasbyggarar må følge minstelønna etter tariffavtalen som betyr at ein fagarbeidar skal ha minst 230 kr timen, du vil nok likevel heilt sikkert finne arbeidsgivarar som betalar meir enn dette utifrå lokale behov. Stillasbyggarar ha omtrent same lønna som tømrarar, ofte også heilt lik lønn med mindre det er stor mangel på stillasbyggarar. Vil du jobbe som stillasbyggar så har du to vegar inn, enten ved å følge skulegangen og vanleg lærlingtid, men for deg som alt har eit relevant fagbrev så er det nok meir aktuelt at du søker på stillasbyggarjobbar og at du tek fagbrevet gjennom praksiskandidatordninga. Gjennom denne ordninga får du ta fagbrevet etter 5 år med relevant arbeidserfaring, her vil du nok få mykje av arbeidserfaringa du har som tømrar godkjent som relevant arbeidserfaring. På denne måten vil du vanlegvis også få behalde fagarbeidarlønna ettersom du har fagbrev i staden for å starte nederst som ufaglært, for sjølv om du har fagbrev i eit anna fag så er dei så nært beslekta og utfyllande at du lønnsmessig bør ligge likt med dei som har stillasbyggarfagbrev. 1 Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå