Gå til innhold

Pant på batterier


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Ei panteordning kan hjelpe om panten blir høg nok til at folk ikkje tek seg råd til å kaste batteri i restavfallet.
Samtidig er det i dag så enkelt at det er berre å ta med seg brukte batteri til daglegvarebutikken når du skal kjøpe nye ettersom daglegvarebutikkane plikter å ta imot småelektrisk avfall.

Det sagt så meiner eg at renovasjonsselskapa kunne gjort veldig mykje meir for å legge til rette for å samle inn brukte batteri og anna småelektrisk avfall.
I veldig mange kommunar så får ikkje innbyggarane anna tilbod enn at dei sjølv kan køyre til gjenvinningsstasjonen for å levere brukte batteri. Då seier det seg sjølv at det er utfordrande for dei som ikkje har bil, eller som må ta seg fri frå jobb for å rekke innom gjenvinningsstasjonen innafor opningstida som veldig ofte berre er vanleg kontortid. Og at dei som køyrer batteria sine til gjenvinningsstasjonen gjerne ventar til dei har samla opp mange batteri med den faren det utgjer for brann og lekkasje av batterisyre.

Eg skal ikkje påstå at det er vanskeleg å få levert gamle batteri på ein forsvarleg måte, men alt som kan gjerast for å gjere det enklare for forbrukaren vil også gjere at fleire resirkulerer. Eigne innsamlingspunkt nært forbrukaren som blir henta hyppig vil utvilsomt gjere det mykje enklare å resirkulere.

 

Tilsvarande men litt off-topic så burde renovasjonsselskapa også hatt større fokus på å samle inn tøy og tekstilar, ikkje berre av omsyn til miljøet men også fordi tekstilar som havner i restavfallet lager problem på gjenvinningsstasjonane ved at trådane kiler seg fast i bevegelege delar slik at sorteringsmaskinene stoppa.
Joda, du kan kaste tekstilane din ei klesinnsamlingsbokser eller levere direkte på gjenvinningsstasjonen, men kor mange kaster ikkje dei holete sokkane sine i restavfallet fordi det er berre eit lite sokkepar?

 

Ein anna ting som det burde være meir fokus på er likelydande og enkel informasjon om kva ordningar som finnes. Det er ikkje sikkert alle er klar over at brukte batteri kan leverast på daglegvarebutikken og at det gamle vaffeljernet kan leverast på el-varehuset?
I tillegg blir det ikkje enklare av at alle renovasjonsselskapa har heilt eigne reglar og ordningar. Ein ting er at ulike fargar på dunkane betyr ulike ting i ulike kommunar, verre er det at sorteringsreglane kan være heilt ulike. Brukte bleier som du heime skal kaste i matavfallet kan være rekna som restavfall når du er på hytta, gamle spiker og steikepanner som du ein stad kan kaste som metallavfall må du andre stadar levere direkte på gjenvinningsstasjonen fordi det berre er lov å kaste metall-emballasje og ikkje anna reint metall i metall-dunken.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...