Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Overgi telefon til politiet ved avhør som vitne/fornærmet


NaraSumas

Anbefalte innlegg

Politiet vil ha tilgang til screenshots/relevante meldinger på telefonen til fornærmede/vitne. De har annen info på tlf som de ikke vil overgi til politiet. Kan man begrense hva de får se, eller må de ta telefonen og gjennomgå den selv?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det kjem ann på.
Det vil være fint mogleg å sjølv ta ut og sende over dei opplysningane som politiet treng, det er ikkje eit krav at politiet må sjølv hente ut beviset. Måten beviset er innhenta på kan likevel ha betydning for vektlegginga av beviset.
For eksempel tekstmeldingar vil være eit sterkare bevis om politiet sjølv får lese og ta ut meldingane enn om du leverer eit skjermbilde, dette fordi det vil være enklare å manipulere eit skjermbilde enn å manipulerer mottak av tekstmeldingar frå eit bestemt nummer (sjølv om begge delar er mogleg).

Politiet kan med heimel i straffeprosessloven § 203 ta beslag i ting som ein antek har betydning som bevis, uavhengig av kven som eig tingen som inneheld beviset.
Etter § 210 kan retten pålegge utlevering av bevis frå ein person som også er pålagt å stille som vitne i saken.

Som fornærma i ei straffesak så vil det vanlegvis være i den fornærma sin interesse å innlevere det som finnes av bevis, om ikkje ein gjer det så er det nok langt meir sannsynleg at saka blir henlagt på bevisets stilling enn at ein fattar vedtak om å beslaglegge mobiltelefonen.

 

Du vil i svært liten grad kunne avgrense kva politi/påtalemyndigheit går gjennom på telefonen utover at det skal være ein grad av samanheng mellom kva og kor ein leiter etter bevis. Skal politiet hente ut SMS utvekslinga mellom to personar så gir ikkje det ein generell rett til å også gå gjennom SMS samtalane du har hatt med andre personar. Det er likevel lite du kan gjere for å hindre det.

 

Utan samanlikning forøvrig så er dette noko som eg synes er litt problematisk med den nye førerkortappen. Om ein berre har digitalt førarkort så må ein akseptere at kontrolløren under kontrollen får holde mobiltelefonen og navigere i det digitale førarkortet. Formålet er sjølvsagt at politiet skal kunne kontrollere gyldigheita av det digitale førarkortet og at det ikkje f.eks. at det ikkje blir framvist eit gamalt skjermbilde i staden for appen. Men ettersom appen ikkje har ein kontrollfunksjon der kontrolløren berre får tilgang til sjølve appen så kan politiet i teorien også legge ned appen og sjå på andre ting på telefonen når du overleverer ein ulåst mobiltelefon for førarkortkontroll. Politiet skal ikkje gjere det utan at det føreligg gyldig grunnlag for ransaking av mobiltelefonen, men om det skulle skje likevel så er det ikkje så mykje du får gjort med det.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...