Gå til innhold

Hva inngår i taushetsplikt på en arbeidsplass (butikk)?


Anbefalte innlegg

Har en ansatt som åpenbart ikke er fornøyd med en annen kollega, og går rundt til andre folk og rett og slett snakker dritt bak ryggen på h*n. Ting som lat, gæren, tiltaksløs osv. blir sagt om den ene ansatte av den andre ansatte til venner og bekjente. 
jeg tenker at forholdet de har som kollegaer får de holde for seg selv på jobb. Og at denne baksnakkinga ikke er greit ettersom jeg mener at det som skjer på jobb blir på jobb. At meningene kolleger har om hverandre om ting som skjer på jobb, ikke skal deles med andre og at det da er et brudd på taushetsplikten? Eller ikke?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ettersom det her er snakk om ein butikk så er det nok ikkje snakk om tausheitsplikt, i alle fall ikkje utover det moralske.

Når ein snakkar om tausheitsplikt så snakkar ein vanlegvis om lovpålagt tausheitsplikt som kan følgjast opp med ein straffereaksjon. Lovpålagt tausheitsplikt gjeld i all hovudsak heilt bestemte yrkesgrupper, som til dømes advokatar, prestar og helsepersonell. I tillegg vil tausheitsplikta gjelde i enkelte situasjonar som ved offentleg forvaltning eller om ein får tilgang til gradert informasjon.

Tausheitsplikt i ein butikk må eventuelt være avtalebasert, som til dømes gjennom arbeidsavtalen. Dette vil kreve ein eksplisitt avtale som også omtalar kva opplysningar avtalen gjeld. Ein slik avtale må også være basert i eit reelt behov. Av denne grunn så er det ikkje så veldig vanleg med tausheitsplikt om ein ikkje har lovpålagt tausheitsplikt. Største unntaket her er nok tilsette som er betrodd med forretningshemmelegheiter, men tilsette i denne gruppa vil typisk også være underlagt anna lovverk om til dømes industrispionasje og underslag.

 

For ein butikk utan eigen avtale om tausheitsplikt for sine tilsette så må ein typisk bruke den ulovfesta lojalitetsplikta i eit avtaleforhold. Ein tilsett i ein butikk vil ha plikt til å opptre lojalt mot arbeidsgjevar (og omvendt).
At ein tilsett snakker nedlatande om ein kollega på fritida vil ikkje nødvendigvis bryte lojalitetsplikta, men skjer dette på arbeidsplassen så vil arbeidsgjevar kunne gripe inn.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...