Gå til innhold

Kan demoniseringen av den vanlige russere stoppes?


Anbefalte innlegg

Sitat

Svitlana Valko arbeider for Truth Hounds, ein av partnarane til Helsingforskomitéen. Dei arbeider mellom anna med å avdekke krigsbrotsverk i Ukraina.

Denne veka er det både ein Ytringsfridomskonferanse (WEXFO) og litteraturfestival på Lillehammer. Begge stader er både russarar og ukrainarar på programmet.

Valko var til stades. Men er ikkje nådig mot arrangørane som har invitert russarar. Mellom anna deltek den russiske redaktøren og fredsprisvinnaren Dmitrij Muratov på eit ope folkemøte om ytringsfridom. Han er med på storskjerm.

– Festivalen burde verkeleg gjeve rommet til andre no medan folk eg kjenner blir drepne i mitt heimland.

Før helga vart det kjent at tre ukrainske forfattarar nyleg har meldt avbod frå festivalen. Det var avisa Klassekampen som først omtalte saka. Ukrainarane vil ikkje delta på ein festival som har russarar på programmet.

Svitlana Valko støtter dei fullt ut. Og ville vurdert det same sjølv. Ho stiller spørsmål ved at russarane får så mykje taletid medan landet deira krigar i Ukraina. Det hjelp ikkje at dei inviterte russarane er opposisjonelle, ifølge henne.

Muratov fekk fredsprisen for at han har stått på for ytringsfridom gjennom avisa han er redaktør for, «Novaja Gazeta».

Han hadde ei tale under opninga av Ytringsfridomskonferansen «World Expression Forum (WEXFO)» :

Svitlana Valko avviser ikkje at det finnast opposisjonelle i Russland som lid. Men ho er trøytt av at russiske opposisjonelle får merksemd medan russiske soldatar drep folk i Ukraina.

Festivalsjef Marit Borkenhagen beklagar at dei tre ukrainske forfattarane valde å avlyse turen til Lillehammer.

– Vi skulle veldig gjerne sett dei her, men vi må respektere avgjerda dei har tatt. Dei ukrainske forfattarane står i ein situasjon som vi vanskeleg kan sette oss inn i, seier ho.

Borkenhagen seier det heile tida har vore klart at det stod både russarar og ukrainarar på programmet.

Dei tre ukrainske forfattarane skulle alle delta på ein programpost under tittelen «Ukraina, historia og krigen». Redaktør Christian Kjelstrup i tidsskriftet Samtiden har organisert og skulle leie samtala. Han er lei seg for at ukrainarane har meldt avbod.

– Muratov er fredsprisvinnar. Han har donert prispengane til ukrainske krigsofre. Dersom ukrainarane ikkje kan vere med på festivalen saman med han, forstår eg ikkje korleis vi kan få til dialog, seier Kjestrup.
Nå står ein ukrainar igjen. Det er Serhii Plokhy, professor i ukrainsk historie, busett i USA.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med desse forfattarane.

Katarina Babkina, som også har takka nei til ein invitasjon til festivalen, skriv i ein e-post til Klassekampen at «Russisk kultur er grunnlaget for det russiske samfunnet som drep oss».

To andre nobelprisvinnarar, Maria Ressa og Abdulrazak Gurnah, er til stades på Stortorget i Lillehammer på Litteraturfestival. Også eksilrussaren Kira Jarmysj er der for å delta i programmet.

Jarmysj er pressetalsperson for den russiske opposisjonspolitikaren Aleksej Navalny.

Navalny har tidlegare sagt at et er umogleg å gje Krim tilbake til Ukraina, sjølv om han fekk makta. Difor meiner dei ukrainske forfattarane at både Navalny og Jarmysj står for russisk imperialisme.

Ville ikkje komme om eg visste at det var russarar her

Her er det russere som er motstander av Kremlin regimet som har lidd og til og med mistet livet for en demokratisk Russland, men allikevel så setter ukrainerne alle russerne i bås. Er derfor jeg er skeptisk til å sende mer våpen til Ukraine. 

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Tja, det mest moralske å gjøre i disse dager er vel å offentlig ta avstand fra alt som har med Russland å gjøre, og akkurat dette har vel strengt talt ikke noe med noe slags demonisering av "vanlige" russere å gjøre. Jeg snakket så vidt med en russer på Facebook her om dagen og han sendte meg en venneforespørsel litt senere. Det moralsk riktige var i dette tilfellet å avstå fra denne forespørselen pga. den alvorlige situasjonen vi befinner oss i. Jeg vil anta at han skjønte hvor landet lå for å si det sånn. 

  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Jeg har fulgt svært godt med, men annet enn et enkelttilfelle langt oppe i Nord-Norge, så kan jeg ikke si jeg har merket noen reell "russofobi". Jeg tror de fleste forstår at russerne er gisler for myndighetene sine. Vi følte det på samme måte overfor dem under den kalde krigen. Og vi føler vel det samme for kineserne f.eks.

Dersom russere i utlandet går rundt og veiver med Z-flaggene sine dog, så fortjener de egentlig en på trynet.

  • Liker 4
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...