Gå til innhold
Trenger du hjelp med internett og nettverk? Still spørsmål her ×

Hacket falsk FB-konto


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

2-faktor autentisering hjelper deg langt på vei, selv om det ikke er en vidunderkur for alt.
Alle sosiale media støtter dette, ikke bare FB, så jeg anbefaler sterkt å slå det på dersom du ikke allerede har gjort det.

Lenke til kommentar

Fyrst og fremst, er du sikker på at den er hacka? Har kontoen blitt brukt av andre enn deg?
To naturlege forklaringar er at du har gløymt passordet og at du skreiv inn feil epostadresse når du laga kontoen, den andre naturlege forklaringa er at det er Facebook som har stengt den falske kontoen for brot på brukarvilkåra.

Om den har blitt hacka så er fyrste steg å bytte passord på dine andre digitale tenester. Særleg viktig er dette dersom du brukar det same eller liknande passord andre stadar. Du må ta utgangspunkt i at hackarane veit både epostadressa og facebook-passordet ditt, det gjer deg sårbar for at hackarane har alt dei treng for å logge inn på andre tenester der du har brukt det same passordet.
Det er særleg viktig at du bytter passord og aktiverer tofaktor på eposten din ettersom eposten gjer deg sårbar for at hackarane kan resette passord til andre tenester som brukar andre passord. Du må derfor også ta utgangspunkt i at hackarane kan ha skaffe seg adgang til eposten din fyrst, og deretter bytta facebook-passord. Hackere treng ikkje nødvendigvis å låse deg ut frå tenestane slik at du oppdagar at du er hacka. Dersom formålet med å hacke facebook-kontoen din var f.eks. å lese meldingar så vil nok hackarane gjerne at du forsetter å bruke chatten slik at dei også får dine nyaste meldingar.

Korleis hackarane har klart å byttte passord og epost er avhengig av metode. Har dei tilgang til eposten din så kan passordet og ny epostadresse lett endrast. Alternativt så kan det være at hackarane har funne svakheiter på facebook som gjer at dei har klart å endre disse tinga utan å gå om eposten din.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...