Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Norge kommer dårlig ut på digital åpenhet


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Bra?

At det skal være moglegheit for innsyn i journalar og dokument er ein god ting.
Men eg er noko skeptisk til i kor stor grad slikt innsyn skal tilgjengeleggjerast. Jo meir som blir publisert på det opne internett jo større fare er det for at opplysningar som ikkje skal være offentlege kjem på avvege.
Med digital publisering så mister ein kontrollen over eventuell vidaredeling av dokumenta, så feil som blir gjort vil ikkje kunne rettast opp.

Det er viktig med openheit, ikkje minst for at at det skal være kontrollmekanismer som sjekker at ting går rett for seg.
Men det som har endra seg med digitaliseringa er at det er ikkje lenger ein journalist som går inn i eit fysisk arkiv og setter seg godt inn i ei dokument og deretter publiserer ein artikkel om funna. I dag blir slike dokument lagt ut slik at dei er lett tilgjengelege for ein kvar innbyggar (samt alle utanlandske etterretningsorganisasjonar), og etter min meining blir opplysningane brukt meir til underholdning enn til å kontrollere. Til dømes skattelistene. Hensikta med skattelistene er å kontrollere at alle betalar skatten sin, det har aldri vært meininga å bruke listene til å rangere norges rikaste i Se&Hør.

Vi har ein del tekniske dokument som angår sikkerheit og beredskap som i dag ligg opent tilgjengeleg på internett. Min påstand er at mesteparten av befolkninga uansett ikkje får så mykje nyttig ut av disse dokumenta, og at slik publisering eigentleg berre er nyttig for fagpersonar som like enkelt kunne fått dokumenta tilsendt direkte, og sjølvsagt til utanlandske agentar som bruker dokumenta til å kartlegge sårbarheiter i samfunnet.
I Norge er det slik at hovudregelen er at alt skal være offentleg, unntaket er ting der ein har direkte lovheimel til å ikkje offentleggjere opplysningane. Dette er bra for innsynet men det er også sårbart, ikkje berre er det sårbart for feil men det er også sårbart for "big data" som kan bearbeidast slik at dei opplysningane som manglar er like avslørande som opplysningane som er offentlege. Sjekker ein f.eks. eigedomsregisteret og finner bestemte tomter som ikkje ligg ute til offentleg innsyn så veit ein at disse opplysningane er unnateke offentlegheita, og då er det omtrent berre militære installasjonar, eksplosivlager og personar med hemmeleg adresse som har lovheimel til å bli unnateke offentlegheita.

Eg er klar over at det er ein vanskeleg balansegang mellom hemmeleghald av sikkerheitsomsyn og viktigheita av at ein tredjepart kan ta på seg kontrolloppgåver og varsle dersom det har føregått ting som ikkje er korrekt eller til og med ulovleg.

Det eg saknar er ein ny diskusjon på om openheita skal være like stor i den digitale verden som den var i den analoge.
Konsekvensane av Ola Hansen på 70-talet gjekk på rådhuset for å be om innsyn i ei sak og der fann eit feilarkivert sensitivt dokument er tross alt langt mindre enn i dag når ein slikt feilarkivert sensitivt dokument blir sett og lasta ned av tusenvis av lesarar.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...