Gå til innhold

Gje di og andre si fritid meir meining


Anbefalte innlegg

Koronapandemien gjorde fritida både vanskeleg, keisam og begrensa for mange i samfunnet vårt. Mange av oss fekk også erfare kor mykje det kan bety at nokon brukar fritida si for å gjere andre sin kvardag betre og enklare. Det har lært meg at det viktigaste ein kan bruke fritida si på, er å bruke ho for andre.

I løpet av 2022 har me på fleire felt kome tilbake til der me var før pandemien. Klemming, helsing og det å møtast er no blitt vanleg igjen. Å miste moglegheita til å møte og vere der for ein ven når det trengs, har vore hardt. Difor lærte eg kor viktig det er å bruke fritida si for  andre.

For medan kinoen, butikkane og treningssenteret vart stengd, og mange fekk meir fritid, fekk andre det travlare. Ho som sprita dørhandtak i kyrkja for at ungdomane framleis skulle kunne samlast trygt på fredagane. Dei som handla matvarer for framande i karantene eller risikogruppa. Dei som samla inn pengar til Moria, for at dei også skulle kome gjennom pandemien.

Den viktigaste fritidsaktiviteten vi har, friviljug arbeid, stikk seg ikkje fram. Denne tause rørsla har likevel vore viktig for den norske velferdsstaten i over 150 år. Friviljugheita er i dag ein arena for inkludering, eit middel for betre folkehelsa og er fortsett med å byggje samfunnet. Ei undersøking frå Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor syner at me gjev meir til friviljuge organisasjonar, men færre vil vere friviljug sjølv.

 

I år er det friviljugheitas år og dagens regjering feira med å halvere skattefrådraget på gåver til friviljuge organisasjonar, som er venta å gje mindre pengar til friviljuge initiativ. I framtidas friviljugheit, som er avhengig av offentleg stønad, må dei friviljuge fylle ut søknadar og rapportar framfor å gjere det dei er aller best på; nemleg å gjere noko for andre.

 

Eg håpar du vil feire året annleis. Kanskje det er dette året du skal bli friviljug? Du får glede andre, og får erfaring med praktisk, sosialt og organisatorisk arbeid. Eg trur at det vil utvikle deg både som medmenneske og samfunnsborgar og håpar talet friviljuge vil stige og at du er ein av dei som bidreg til det.

 

Kanskje har du lurt på kven dei er – dei som får det heile til å gå rundt. Dei som rakar lauv utanfor eldreheimen, dei som køyrer til Polen for å hjelpe Ukrainske flyktningar eller dei som sel vaflar utanfor nærbutikken. Det er menneske som meg og deg. Det kan bli meg og deg. Det kan bli oss som jobbar på Frelsesarmeens kafé for uteliggjarar, brukar sommarferien i ein flyktningleir i Hellas eller som er trenar for juniorlaget i fotball.

 

Populærkulturens ideal vil ha det til at meininga med fritida er å realisere seg sjølv. Men har vi blitt lurt? Tid er pengar, men kva om alt som er godt ikkje kan målast i pengar? Litt av di tid, kan bety så mykje for andre. Å være friviljug er å bruke fritida si til det beste for andre, framfor seg sjølv. Å jobbe time etter time utan å få betalt for det er eit offer. Det kan bety mykje for den einsame dama på eldreheimen, som ikkje får besøk av slektningane. For når dei offentlege berre tilbyr mat og husrom, kan du tilby eit øyre som vil høyre og ei hand å halde i.

 

Sjølv om strandferien i Hellas er ein draum du vil realisere, trengs du kanskje meir i flyktningleiren nokre mil unna. Der kor du kan realisere draumen om ei betre framtid for born og vaksne i ein umenneskeleg situasjon.

 

Friviljugheit er også meir enn ein fritidsaktivitet. Det kan vere ein livsstil og ein haldning til livet. Ei haldning som gjer at du plukkar opp søppel når du går forbi det. Noko som gjer det naturleg å smile til tiggaren og deler med menneske som ikkje har det same som deg.

 

Det å være friviljug har lært meg at kor mykje dette kan bety, for meg og for andre. Det er noko som gjer at eg ser annleis på fritida mi, og gjer at eg prioriterer annleis. Den erfaringa unner eg alle å ha med seg i livet. Alle må finne sin fritidsaktivitet, noko som gjer ein glad, men pandemien har vist oss kor sårbare menneskjer er, difor vil eg bruke fritida på dette – å gjere noko for andre.

 

William Matteus Fonn, 16 år, Kvitsund Gymnas vgs, 90414327

  

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...