Gå til innhold
Spørsmål om bil og motor? Still spørsmål her ×

Påliteleg morobil?


Anbefalte innlegg

Har fast jobb og hus, og vil skifte ut bilen med noko gøy. Har ikkje all verda med peiling på bil, så tenkte eg skulle sjekke her etter nokre tips. Eg har ikkje tid til å skru, og då blir målet å finne noko pålitelig som ikkje har gått veldig langt. 

Skal bruke bilen til dagleg køyring, men det blir nok mest helgeturar og slikt. Kjører neppe meir enn 10K km ila eit år. Brukar kollektivt mesteparten av tida, og det er lite snø her, så treng ikkje vere all verda på vinterføre. Er òg mest interessert i ein forholdsvis liten bil. 

Budsjett er 200-350K. Vil gjerne ha noko som skil seg ut ein smule og som lagar litt kjekk lyd, men treng ikkje vere altfor kraftig. Det får eg ikkje bruk for uansett. 

Det eg har sett på så langt er: 

MX5/S2000 - blir for upraktisk. 

Fiesta/Focus ST - litt for tam utsjånad for min smak. Focus RS blir for dyrt, trur eg. 

Toyota GT86 - skeptisk til desse med alt motorhavariet. GR86 eller GR Yaris hadde vore ideelt, men dei blir for dyre. 

Audi TT 3. gen med 230 hk motor. Finn kanskje ein 2015-modell til 350k som ikkje har gått altfor langt om eg er heldig, men det er på grensa

Golf GTI. Tam utsjånad. 

Hyundai i30N. Mindre tam, men vanskeleg å finne. 

Audi S1 / A1 Quattro. Kanskje litt risky mtp. eventuelt gjensal med kor få det finst av desse. 

Elles BMW 135i, is osv. Men ikkje supergira på utsjånaden til BMW heller. 

Tips/tankar? Ein får jo litt eldre Mercedes AMG, Porsche osv. i denne prisklassen, men frykter vedlikehaldskostnadane på slikt (til gjengjeld blir jo verditapet mindre). Kjem sjølvsagt til å ta vare på bilen og vaske den for hand regelmessig, men meir kompliserte ting enn dekkskift så blir det verkstad. 

Anar ikkje om det er noko meir eg bør kikke på. Held nok ein knapp på TT så langt. 

Endret av Periphery
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse
3 hours ago, Opelduude said:

Uansett hva du kjøper av noe litt utenom det vanlige så blir det dyrt om du ikke fikser noe selv. Da vill jeg uansett ha satt av 20-30-40 tusen til uforutsette utgifter. 

Yes, det har eg tenkt til å gjere. 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...